Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKongsvik, Malin
dc.date.accessioned2013-09-03T08:41:53Z
dc.date.available2013-09-03T08:41:53Z
dc.date.issued2013-09-03
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152227
dc.description.abstractFormål: Formålet med oppgåva var å finna ut kva faktorar som låg til grunn for at to gutar hata kroppsøvingsfaget. Eg vil også sjå på kva som eventuelt kan auka motivasjonen deira. Forskingsspørsmål: Kva opplevingar ligg til grunn for at to gutar hata kroppsøving? Metode: Eg har brukt kvalitativt forskingsintervju som metode for å svara på mitt forskingsspørsmål. To svært hjelpsame tidlegare ungdomsskuleelevar deltok i undersøkinga. Begge informantane er tidleg i 20åra og gjekk under læreplan 97 då dei gjekk på ungdomsskulen. Teori: Forskinga mi er eit motivasjonsstudie der eg har lagt hovudvekt på self-determination theory (sjølvbestemmelses teorien) til Deci og Ryan. Eg har også trekt inn Atkinson i forhold til prestasjonsmotivasjon og meistringsmotivet. Opplæringslova (2012) kapittel 9, § 9a-1: elevane sitt skulemiljø og kapittel 1, § 1-3: tilpassa opplæring har i samsvar med LK06 og formålet med kroppsøvingsfaget også fått ein sentral plass i oppgåva. Resultat: Resultata viser til forskjellige negative opplevingar som låg til grunn for at desse to gutane hata kroppsøvingsfaget. Deira negative oppfating av eigen kompetanse og kropp, manglande tilpassa opplæring og sjølvbestemmelse, frykt for å dumme seg ut, dårlege relasjonar og mobbing er nokre eksempel på kva negative opplevingar som låg til grunn for at dei hata kroppsøvingsfaget. Konklusjon: Funna i forskinga indikerer at dei psykologiske behova, kompetanse, samhald og autonomi ikkje vart tilfredsstilt og låg til grunn for amotivasjon i kroppsøvingsfaget. Deira amotivasjon førte vidare til framandgjering og dårleg psykologisk helse. Ein kan leggja detta til grunn for at opplæringslova (2012) kapittel 9, § 9a-1, elevane sitt skulemiljø heller ikkje vart tilfredstilt. Som framtidig lærar må ein fokuserer på tilpassa undervisning, formativ vurdering, trygghet og eit godt klassemiljø som fremjar trivsel, helse og læring i kroppsøvingsfaget.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleGutar som hata kroppsøvingsfagetno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel