Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTveit, Iselin Eidhammer
dc.date.accessioned2013-09-03T08:38:52Z
dc.date.available2013-09-03T08:38:52Z
dc.date.issued2013-09-03
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152225
dc.description.abstractI Noreg har me i dag to sidestilte målformer, nynorsk og bokmål. Det er ikkje ei løynd at dei to målformene ikkje er sidestilte i praksis. Langt fleire nyttar bokmål som hovudmål, og nynorsken blir ofte valt bort til fordel for bokmål, både i skulen og i samfunnet. Kunnskapsløftet (Utdanningsdirektoratet) trekkjer fram at alle elevar skal meistra begge målformene, og det er ofte debatt i media og innan politikk kor vidt det er naudsynt at alle elevar skal læra seg nynorsk. Mange elevar er difor ofte negative til nynorsk. Målet med FoU- arbeidet er å kartleggja elevar i ungdomsskulen sine haldningar til nynorsk, både hjå elevar med nynorsk som hovudmål og hjå elevar med bokmål som hovudmål. Vil det vera skilnader på haldningane mellom desse to gruppene? Meiner elevane at nynorsk er ei overflødig målform? Problemstillinga mi er som fylgjer: Kva for haldningar har elevar i ungdomsskulen til nynorsk i skulen og til nynorsk elles i samfunnet? I tillegg har eg ei rekke hypotesar som eg ynskjer å styrke eller svekke gjennom mitt arbeid. Teorigrunnlaget oppgåva mi baserar seg på, er basert på teori om haldningsdanning og danning av sosiale grupper. Eg har òg sett på kven som påverkar ungdommane, samt om dei sjølv påverkar miljøet dei er ein del av. Tidlegare forsking står òg sentralt, samt legitimering av kvifor ein bør læra seg nynorsk i skulen. Metoden eg brukte var spørjeskjema, som elevar i 9.klasse på 3 ulike skular svara på. To av skulane eg gjennomførte undersøkinga på har bokmål som hovudmål, medan den siste skulen har nynorsk som hovudmål. Ein skal vera forsiktig med å generalisera resultata frå i ei så lita undersøking, men eg meiner at dei likevel vil gi ein peikepinn på kva ungdommar i Noreg i dag meiner om nynorsk. Resultata mine er ikkje eintydige, men dei viser at elevane med nynorsk som hovudmål er generelt noko meir positive til nynorsk enn elevane med bokmål som hovudmål. Dei syner at foreldre og venner har stor påverknad, medan læraren derimot ikkje har mykje han/ho skulle ha sagt i dette spørsmålet. Det ser vidare ut til at elevane ikkje har stor kunnskap om språkhistoria vår, noko som påverkar haldningane deira, og fleire elevar er positive til lesing av nynorsk enn skriving. Lesing av fleire tekstar på nynorsk, samt auka kunnskap om språkhistoria vår og dagens språksituasjon, kan difor vere nokre av fleire element som kan hjelpe til å med gjera fleire elevar positivt innstilte til nynorsk.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleNynorsk- ei overflødig målform?no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel