Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVatna, Silje
dc.date.accessioned2013-09-03T09:22:04Z
dc.date.available2013-09-03T09:22:04Z
dc.date.issued2013-09-03
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152221
dc.description.abstractI lærarstudiet Glu 3 skal alle lærarstudentane skriva ei bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva skal vera ei pedagogisk oppgåve innanfor fagområde PEL, og eit sjølvvalgt fag. Eg valde å skriva fordjupning i samfunnsfag. Denne oppgåva dekkjer dermed fagområda PEL og samfunnsfag. Demokratiundervisning er i dag eit sentralt tema i samfunnet. Difor meiner eg det er eit sentralt emne å gå inn forska på. Det er også dagsaktuelt med tanke på det som skjedde 22. juli. 2011. Etter denne hendinga er ungdomspolitikk blitt meir synleg og ungdommen har blitt ytterligare høyrt (Berge og Stray, 2012). Statsminister Stoltenberg sa etter hendinga at vi skulle svara på terroren med eit endå sterkare demokrati. Difor ville eg finna ut korleis skulen kunne bidra til eit sterkare demokrati. Tema for oppgåva er: Lærarrolla i ei dialogprega demokratiundervisning. Ved val av problemstilling starta eg vidt, men med konstruktive innspel frå rettleiarar, vidare lesing kring demokratiundervising og forsking kom eg fram til problemstillinga: «Korleis kan samfunnsfaglæraren medverka til demokratisk medborgarskap ved å diskutera kontroversielle tema i demokratiundervisninga?» Eg ser på ein metode, diskusjon av kontroversielle tema i demokratiundervisninga. Eg tar opp etiske konsekvenser ved val av metoden og kva rolla læraren bør ha i bruken av ein slik metode. Eg nyttar meg av pedagogisk teori, fagdidaktisk teori og forsking i starten på oppgåva. Som forskningsmetode har eg valt intervju. Eg fann ut at; kontroversielle tema er av ein slik karakter at læraren opnar for kritisk tenking, forståing, meinigsytring og haldningar til verdispørsmål i klasserommet. Elevane lærer kva som er moralsk rett i eit demokratisk samfunn ved hjelp av etiske retningslinjer, og rammer for diskusjon. Diskusjonen på skulen medverkar dermed indirekte til demokratisk medborgarskap. Men diskusjon av kontroversielle tema er ikkje nok aleine.no_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.titleLærarrolla i ei dialogprega demokratiundervisningno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel