Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorElvik, Benedikte
dc.contributor.authorBarane, Hanne Gjerde
dc.date.accessioned2013-09-03T08:36:31Z
dc.date.available2013-09-03T08:36:31Z
dc.date.issued2013-09-03
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152219
dc.description.abstractMe har undersøkt om prosessorientert skriving (POS), øvingsoppgåver og film kan hjelpe skriveprosessen og auke skrivelysta i norskfaget. Skrivelyst hos elevar er noko me begge brenn for og me ville finne ut om det var ein måte å auke denne lysta på. Etter eit inspirerande føredrag av forfattaren Tor Arve Røssland, der han snakka om dagens ungdom sitt forhold til visuelle bilete, bestemte me oss for å laga eit undervisningsopplegg i 8.klasse som bygde på film som utgangspunkt i ein skriven tekst. Vidare fortalde Røssland i føredraget sitt at han i saman med ungdommar arbeidde med den skrivne teksten i fleire omgongar. Me kjende igjen denne POSinspirerte arbeidsmåten frå norskfaget, og bestemde oss for å flette den inn i vårt eige undervisningsopplegg. Den endelege problemstillinga blei med dette slik: Kan prosessorientert skriving som arbeidsmetode, og film som utgangspunkt for å skriva ein tekst, hjelpe skriveprosessen og skrivelysta? I POS og i LK06 er samarbeid ein sentral faktor og sjølv valte me å setje stort fokus på dette i undersøkinga vår. Hovudteorien me presenterer i oppgåva vår omhandlar POS, det sosiokulturelle læringssynet, tankeskriving og flytkjensla, og forteljing som sjanger. Me valte forteljing som utgangspunkt for undervisningsopplegget vårt fordi forteljing er ein sentral sjanger i alle kulturar, og me kan forstå oss sjølv gjennom møtet med forteljingane. Eiliv Vinje seier at forteljing er ein viktig sjanger når det kjem til tenking og språkleg oppseding hos barn og unge (Vinje, 1989). Forteljing som sjanger er då viktig å vektlegge i skriveopplæringa i skulen. Me har nytta ein kvalitativ metode der me har nytta eit undervisningsopplegg, observasjonar frå klasserommet og intervju av elevar for å hente inn data til undersøkinga vår. Vidare har me gjennomført undersøkingar på vår eigen praksis, noko som kallast aksjonsforsking. Gjennom intervjua med informantane oppdaga me fleire interessante funn. For det første lærte me at eleven sin tekst må ha nytteverdi for at eleven skal sjå meining og verdi ved å skrive. Dersom teksten blei nytta til noko, meinte informantane at resultatet ville blitt betre. Vidare lærte me at samarbeid og tilbakemelding på elevarbeid var eit stort motivasjonsmoment. I observasjonane våre såg me at elevane arbeida godt i lag, og at dersom ein fordeler arbeidet i fleire fasar (slik som i POS), vil elevane bli tryggare i skriveprosessen. Dei ulike fasane gav elevane både meir fridom og struktur. Me føler at me fekk svar på problemstillinga vår med eit positivt utfall, og me oppdaga funn som me ikkje hadde forutsett. Etter vår meining fekk elevane etter undervisningsopplegget auka skrivelyst, og POS og film som utgangspunkt i skriven tekst, hjelpte skriveprosessen.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleProsessorientert skrivingno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel