dc.description.abstract | Me har undersøkt om prosessorientert skriving (POS), øvingsoppgåver og film kan
hjelpe skriveprosessen og auke skrivelysta i norskfaget. Skrivelyst hos elevar er noko
me begge brenn for og me ville finne ut om det var ein måte å auke denne lysta på.
Etter eit inspirerande føredrag av forfattaren Tor Arve Røssland, der han snakka om
dagens ungdom sitt forhold til visuelle bilete, bestemte me oss for å laga eit
undervisningsopplegg i 8.klasse som bygde på film som utgangspunkt i ein skriven
tekst. Vidare fortalde Røssland i føredraget sitt at han i saman med ungdommar
arbeidde med den skrivne teksten i fleire omgongar. Me kjende igjen denne POSinspirerte
arbeidsmåten frå norskfaget, og bestemde oss for å flette den inn i vårt eige
undervisningsopplegg. Den endelege problemstillinga blei med dette slik: Kan
prosessorientert skriving som arbeidsmetode, og film som utgangspunkt for å
skriva ein tekst, hjelpe skriveprosessen og skrivelysta?
I POS og i LK06 er samarbeid ein sentral faktor og sjølv valte me å setje stort fokus
på dette i undersøkinga vår. Hovudteorien me presenterer i oppgåva vår omhandlar
POS, det sosiokulturelle læringssynet, tankeskriving og flytkjensla, og forteljing som
sjanger. Me valte forteljing som utgangspunkt for undervisningsopplegget vårt fordi
forteljing er ein sentral sjanger i alle kulturar, og me kan forstå oss sjølv gjennom
møtet med forteljingane. Eiliv Vinje seier at forteljing er ein viktig sjanger når det
kjem til tenking og språkleg oppseding hos barn og unge (Vinje, 1989). Forteljing
som sjanger er då viktig å vektlegge i skriveopplæringa i skulen.
Me har nytta ein kvalitativ metode der me har nytta eit undervisningsopplegg,
observasjonar frå klasserommet og intervju av elevar for å hente inn data til
undersøkinga vår. Vidare har me gjennomført undersøkingar på vår eigen praksis,
noko som kallast aksjonsforsking.
Gjennom intervjua med informantane oppdaga me fleire interessante funn. For det
første lærte me at eleven sin tekst må ha nytteverdi for at eleven skal sjå meining og
verdi ved å skrive. Dersom teksten blei nytta til noko, meinte informantane at
resultatet ville blitt betre. Vidare lærte me at samarbeid og tilbakemelding på
elevarbeid var eit stort motivasjonsmoment. I observasjonane våre såg me at elevane
arbeida godt i lag, og at dersom ein fordeler arbeidet i fleire fasar (slik som i POS), vil
elevane bli tryggare i skriveprosessen. Dei ulike fasane gav elevane både meir fridom
og struktur.
Me føler at me fekk svar på problemstillinga vår med eit positivt utfall, og me
oppdaga funn som me ikkje hadde forutsett. Etter vår meining fekk elevane etter
undervisningsopplegget auka skrivelyst, og POS og film som utgangspunkt i skriven
tekst, hjelpte skriveprosessen. | no_NO |