Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKlepsvik, Renate Møgster
dc.date.accessioned2013-09-03T08:56:53Z
dc.date.available2013-09-03T08:56:53Z
dc.date.issued2013-09-03
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152215
dc.description.abstract1 Samandrag I dette FoU arbeidet rettar eg søkjelyset mot nivådifferensiering i matematikkfaget, og stiller spørsmålet om dette er ein veg å gå for tilpassa opplæring, under problemstillinga: ”Tilpassa opplæring i matematikkfaget – er nivådeling ein veg å gå?” Eg var opptatt av å finna elevrøysta i debatten, og gjennomførte ei kvantitativ spørjeundersøkning blant 100 ungdomsskuleelevar som alle har erfaring med å få matematikkundervisning både i den ordinære klassen sin, og i nivågrupper. Eg nytta ein kombinert metode i utforminga av spørjeskjema, og kombinerte lukka spørsmål med eitt ope spørsmål der elevane med eigne ord fekk uttrykkja kva dei tenkjer om nivådeling og kva erfaringar dei har med både nivådeling og ordinær klasse. Undersøkingane mine byggjer på tolking av omgrepet tilpassa opplæring slik det vert definert i Opplæringslova og læreplanverket Kunnskapsløftet. Vidare vert dei drøfta opp mot ulike syn på læring ut frå individuelt eller sosialt perspektiv. Her er Cobb (1996) sentral, med modellen som syner det gjensidige avhengighetsforholdet mellom det sosiale og det individuelle perpektivet på læring. Eg nyttar Skemp (2006), Lampert (1990) og Botten (2003) til å drøfta kva som ligg i matematikkfagleg forståing, og ser vidare til den aktuelle debatten med mellom anna Ånestad (2011) og Kristensen (2008), som rettar kritikk mot matematikkundervisninga i skulen generelt og spesielt mot bruken av nivådifferensiering eller meistringsgrupper i matematikkundervisninga. Dette FoU- arbeidet gjev ikkje eit klart svar på problemstillinga, men etter analyse av data, er det eit par punkt som ser ut til å vera av særskild viktig karakter frå elevane sin ståstad: Tempo i undervisninga og tryggleik i klassen. Elevane ser ut til å setja pris på at tempo vert betre tilpassa i nivådelte klassar, men dei kan kjenna seg utrygge og vert usikre på seg sjølv i den nye settinga som vert skapa når ein splittar opp klassen etter nivå. På bakgrunn av desse funna konkluderer eg med at nivådifferensiering til ein viss grad kan vera ein veg å gå for tilpassa opplæring i matematikkfaget, men analysane syner at det òg reiser nye problemstillingar i høve sosialt tilhøyre og elevane si tryggleik med lærar og medelevar.no_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.titleTilpassa opplæring i matematikkfaget – er nivådeling ein veg å gå?no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel