Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTotland, Eirin
dc.date.accessioned2013-08-30T09:16:36Z
dc.date.available2013-08-30T09:16:36Z
dc.date.issued2013-08-30
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152207
dc.description.abstractTittelen på oppgåva er ”Rammefaktorar som verkar inn på den fysiske aktiviteten i skulen”. Målet for oppgåva var å finna ut kva for rammefaktorar som verkar inn på den fysiske aktiviteten blant elevane på mellomtrinnet ved Foldrøy skule. Eg ville også finna ut om rammefaktorane verka fremjande eller hemmande for den fysiske aktiviteten. Sentral teori som er brukt i oppgåva er med utgangspunkt i kva læreplanen LK06, opplæringslova, og rundskriv frå utdanningsdirektoratet og sosial- og helsedirektoratet seier om fysisk aktivitet. Eg har også teke med aktuell rammefaktorteori og det psykososiale læringsmiljøet er skildra med grunnlag av Maslows behovshierarki. I oppgåva er det også vist til tidligare forsking som samsvarar med mi problemstilling og resultat av observasjon. Av metode valte eg å nytta meg av ein kvalitativ observasjonsmetode der eg som observatør var passiv og ikkje-deltakande i situasjonane. Resultat og konklusjon på forskinga er at lærarrolla har stor påverknad på fysisk aktivitet og kan verka både fremjande og hemmande med bakgrunn av kompetanse og pedagogiske ferdigheiter. Klassestorleiken verkar fremjande når utfordringa med stor elevgruppe vert handtert gjennom god planlegging og organisering, medan den verkar hemmande om ein ser problem og ikkje utfordring. Det fysiske læringsmiljøet har stor påverknad og kan verka både fremjande og hemmande. Utfordringa ligg i å sjå moglegheiter og nytte i ressursane ein har tilgjengeleg og bruke dei på ein variert og god måte. Det psykososiale læringsmiljøet er svært godt og fremjande for fysisk aktivitet fordi elevane er trygge, har ei sosial tilhøyrsle og opplever annerkjenning. Dette må sjåast i lys av at lærar tek omsyn til elevføresetnadar og skapar gode læringssituasjonar som elevane meistrarno_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleRammefaktorar som verkar inn på den fysiske aktiviteten i skulenno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel