Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJacobsen, Linda
dc.contributor.authorGrindheim, Marianne
dc.date.accessioned2013-08-29T14:19:19Z
dc.date.available2013-08-29T14:19:19Z
dc.date.issued2013-08-29
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152203
dc.description.abstractI vårt forskingsarbeid ønska me å finne meir ut om multiplikasjonsstrategiar i skulen. Me valde å ikkje fokusera på elevar med matematikkvanskar for å avgrensa oppgåva vår. Problemstillinga me enda på var: «Kva slags strategiar brukar elevar på 4. trinn for å rekne ut einsifra multiplikasjonsstykke? Utviklar desse strategiane seg over ein halvårsperiode? Og korleis løyser to elevar med ulik strategibruk multiplikasjonsoppgåver?». Når me skulle velje tema til oppgåva vår, var det mykje att og fram. Etter og ha vore innom fleire ulike tema, fann me ut at det var strategibruk i multiplikasjon me ville skriva om. Det var etter samtale med praksislærar og vegleiar, at me byrja å undersøkja meir om dette tema. Det å hente fram strategiar hjå elevar i skulen meiner me er viktig. Det er fordi ein blant anna kan finne ut av kven som tek i bruk tungvinte strategiar, slik at ein kan hjelpa dei til å få meir effektive strategiar. Me har sjølv lært oss nokre nye strategiar innan multiplikasjon etter at me byrja på høgskulen, som har gjort rekninga mindre tungvint. Når det gjeld teorigrunnlaget tek me føre oss blant anna: utvikling av multiplikativ tenking, kva som ligg i strategiomgrepet, ulike strategiar i multiplikasjon og korleis strategiane utviklar seg. Me brukte ein kvalitativ metode for å henta inn datamaterialet. Der me tok i bruk eit spørjeskjemaintervju som blei gjennomført tre gonger, der utvalet var seks elevar. Me gjennomførte også eit halvstrukturert intervju der utvalet var to elevar. Der den eine eleven brukte tungvinte strategiar og den andre eleven brukte effektive strategiar. Utvalet henta me frå 4.trinn. Resultata frå vårt forskingsarbeid viser at strategiane elevane brukar varierer frå test til test og at dei utviklar seg over tid. Me fann og ut at to elevar med ulike strategiar klarte å vidareføra strategibruken i like stor grad. Men slik me tolkar det hadde ikkje eleven som brukte tungvinte strategiar like stor forståing. Me vil til slutt poengtera at resultata me kjem fram til berre kan knytas til elevane i utvalet og til det aktuelle tidsrommet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleStrategibruk i multiplikasjonno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel