Vurderingspraksis i matematikk
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152199Utgivelsesdato
2013-08-29Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målet med denne bacheloroppgåva i matematikk og pedagogikk, var å få kunnskap om nokre lærarar sine vurderingspraksisar på barneskulen. Eg ynskte å vita meir om; korleis lærarar legg til rette for at elevar skal forstå det dei skal læra, kva for matematikkompetanse som vert vurdert, tilbakemeldingar som lærarane gjev, og omfanget av elevinvolvering i vurderingsarbeidet. I tillegg ynskte eg å sjå nærare på kva for fag- og undervisningssyn som kom til syne i lærarane sine prioriteringar. Problemstillinga mi var: Kva for vurderingspraksisar kan ein finna i matematikkfaget på barneskulen, og kva for fag- og undervisningssyn kjem til syne i lærarane sine prioriteringar? Bakgrunnen for dette fokuset var at eg ville læra meir om vurdering, for på bli betre til å leggja til rette for læring i matematikk.
I teoridelen vektlegg eg teori knytt til undervegsvurdering. Noko teori er henta frå Paul Black, Dylan Wiliam, Trude Slemmen og Utdanningsdirektoratet. I teori som er knytt opp mot matematikk, vektlegg eg fagsyn, undervisningssyn, matematikkompetanse og vurdering. For å finna svar på problemstillinga, har eg valt å bruka eit halvstrukturert kvalitativt forskingsintervju. Eg har intervjua 3 kvinnelege matematikklærarar, på to mellomstore barneskular. Skulane låg i to ulike kommunar på Vestlandet. Eg har eit lite utval med i undersøkinga, såleis vert det berre peika på nokre lærarar sine undervisningspraksisar i matematikk. Viktige data kan ha blitt utelatt, fordi eg berre har teke med noko av datamaterialet mitt. Ei metodetriangulering kunne ført til at eg hadde fått meir og sikrare data.
Eg fann at matematikklærarane i undersøkinga, var opptekne av å leggja til rette for at elevane skulle forstå det dei skulle læra. Lærarane informerte om læringsmål, men kriterium for måloppnåing vart lite brukt. Lærarane vurderte eit utval av dei matematiske delkompetansane. Alle lærarane gav elevane munnlege og skriftlege tilbakemeldingar. I tilbakemeldingane la lærarane vekt på det som var bra og kva som skal til for å verta betre. Vurderingsverktøya var i stor grad prøvar, samtaler og observasjon. Lærarane fortalde at dei i ulik grad, og på ulike måtar la til rette for eigenvurdering. Elevar vart involvert i sitt eige vurderingsarbeid ved å fylla ut sjekklister og i samtaler med lærar. Fokus på fagets produkt og prosessar kom til syne hos alle lærarane, og lærarane vektlegg desse perspektiva litt ulikt. Lærarane underviser for forståing på mange områder, men dei kunne truleg hatt meir fokus på fagets karakteristika i sine vurderingspraksisar.