Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlsaker, Stine Almås
dc.date.accessioned2012-06-27T09:05:30Z
dc.date.available2012-06-27T09:05:30Z
dc.date.issued2012-06-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152177
dc.description.abstractMålet med mi forsking var å leggja opp eit undervisningsopplegg som kan vera eit eksempel på korleis ein kan leggja opp og betra teikneundervisninga i skulen. Eg retta difor fokuset mitt mot teikneundervisninga. Dette undervisningsopplegget vart eit ledd i pedagogisk utviklingsarbeid som kunne ha halde fram over lengre tid. Målet var ei strukturert teikneundervisning med stort læringsutbytte for elevane. Eg ville prøva å få til eit undervisningsopplegg som skulle leggja til rette for gode læringsprosessar ved teikning av rom i bilete. Fokuset la eg på å arbeida steg for steg i saman med elevane gjennom heile læringsprosessen, som gjekk føre seg i tre økter i kunst og handverkfaget. Eg brukte mykje tid på å læra elevane å bruke blikket når dei skulle teikna og når me observerte, auga styrer handa i teikning. Teikneoppgåvene dei fekk gjekk på å imitere andre bilete. Gjennom heile arbeidet bygde eg på støttestrategiane til Tharp og Gallimore som viser korleis ein kan støtte elevane i teikneundervisninga. Desse strategiane går eg meir detaljert innpå i oppgåva der eg viser til Nina Scott Frisch som har skrive doktorgrad der ho forska på barn og teikning. Forskinga til Nina Scott Frisch og Liv Merete Nielsen, som også har skrive doktorgrad om barn og teikning, var med på å gjera at eg ville forska på korleis eg på best mogleg måte kunne leggja opp eit godt undervisningsopplegg i teikning for elevar (Dregerud, 2001)(Frisch, 2003). Metoden eg valgte å nytta i forskinga mi var aksjonslæring. Målet med aksjonslæring er at ein skal sjå på korleis situasjonen er her og no, og korleis ein ynskjer at den skal vera (Postholm og Jacobsen, 2011). Eg satt med opplysningar med bakgrunn i forskinga til Frisch og Nielsen om at det er for lite strukturert teikneundervisning i skulen. Det er mykje friteikning, men lite undervisning som lærer elevane å nytta seg av ulike verkemiddel i teikning. Dette gjer at elevane ikkje utviklar seg innanfor teikning, dei stig ikkje i ferdigheitsnivå, noko som igjen kan gjera at elevane sluttar å bruka teikning som eit uttrykksmiddel. Dette er fordi dei ikkje klarar å tilfredsstille seg sjølv med ferdigheitene i forhold til forventingane som dei har til seg sjølv. Difor ville eg med aksjonslæringa mi prøve å nå ein situasjon som gav strukturert teikneundervisning med gode læringsprosessar (Dregerud, 2001)(Frisch, 2003). Validiteten av opplysningane som eg gir i oppgåva mi er av god overførbarhet til andre miljø. Det er ingenting som er i vegen for at undervisningsopplegget som eg utvikla og utførte i aksjonslæringa ikkje skal kunna nyttast i andre klassar. Ein kan også bruke det som utgangspunkt for undervisningsopplegg med andre kunnskapsmål. Men det er sjølvsagt ingen Å skape rom med blyanten Stine A. Alsaker 2 garanti for at det kjem til å fungere likt i alle klassar, då det kan påverkast av elevgrupper og lærar. Forskinga mi gav svært gode resultat. Undervisningsopplegget fungerte veldig bra, elevane fekk godt læringsutbytte og viste lærelyst under heile prosessen. Eg ser på dette gode resultatet som dokumentasjon på at strukturert teikneundervisning gir gode læringsprosessar og utvikling i teikneferdigheiter på ein positiv og kjekk måte om ein berre legg det opp på rett vis.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectPedagogikkno_NO
dc.subjectElevkunnskapno_NO
dc.titleÅ skape rom med blyantenno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel