Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorUrheim, Ingvild Snuggerud
dc.contributor.authorKristin, Ankervold
dc.date.accessioned2012-06-27T08:14:46Z
dc.date.available2012-06-27T08:14:46Z
dc.date.issued2012-06-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152169
dc.description.abstractMålet med bacheloroppgåva vår «Bruk av digitale verkty i matematikkundervisninga: Ei kvantitativ undersøking blant lærarar på barnetrinnet» var å finne ut kva for nokre oppfatningar barneskulelærarane i Stord, Bømlo og Fitjar kommune har om IKT-bruk i matematikkfaget og korleis dei brukar det. Difor blei dette naturleg problemstillinga vår. For å finne svar på problemstillinga vel me å gjennomføra ei spørjeundersøking blant lærarar som undervisar i matematikk på barnetrinnet i dei tre kommunane. Me ville danne eit bilete av korleis det ser ut i dei tre kommunane og ikkje korleis dei einskilde lærar brukar IKT i matematikkundervisninga si. Difor vart alle lærarane som jobbar på 1-7.trinn i dei tre kommunane bedne om å delta på undersøkinga. Om lag halvparten av lærarane tok seg tid til å svara og dette er i vår meining ein god svarprosent. Dersom lærarane har misoppfatta spørsmåla i spørjeskjemaet eller kryssa i feil rute med eit feiltak er dette sjølvsagt faktorar som kan gjer at resultata i undersøkinga vår vert feil. Ettersom at me måtte avgrensa storleiken på spørjeskjemaet er det ikkje sikkert me har fått med nok spørsmål til å kunne trekkje klare konklusjonar. Bærbare datamaskinar og trådlaust internett er i følgje vår undersøking dei to digitale ressursane lærarane i Stord, Bømlo og Fitjar kommune har størst tilgang til. Graden av tilgang er varierande i frå skule til skule, men mange lærarar (65%) seier at dei ville brukt meir IKT i matematikkundervisninga si om dei hadde hatt større tilgang til digitale verkty. Me fann og ut at det er stor variasjon i kor mange timar i veka lærarar brukar på pedagogiske nettstadar i undervisninga si. Kanskje ville bruken gått opp om tilgangen hadde vore større. Sjølv om det er varierande kor mykje tid lærarane brukar på pedagogiske nettstadar så fann me ut at det blir brukt hyppigare enn verktyprogram. I følgje lærarane er påstanden «IKT gir tilgang på meir variert lærebøker og læremateriell på nettet» den vikitgaste årsaka til gode resultat. Dei meiner at «det er svært mange andre forhold som har mykje større betyding enn bruk av IKT» er den viktigaste årsaka til dårlege resultat. Då lærarane fekk spørsmål om dei meinte at IKT i dag hindrar elevane i å arbeida med prosessen fram mot svaret på oppgåvane, svara dei fleste at dei var einige. IKT bidrar heller til at elevane får fokus på rett svar og stimulerer til prøving og feiling. I påstanden om at IKT tek for mykje tid svarar dei fleste at dei ikkje tykkjer IKT tek for mykje tid, men mange er nøytrale til påstanden. Dei som seier seg einige i at IKT tar for mykje tid har stort sett liten 3 tilgang på digitale ressursar. Det er ein klar samanheng mellom kor ofte lærarane brukar IKT i undervisninga si og kvar dei stiller seg til påstanden om at IKT tar for mykje tid. Lærarane som brukar IKT sjeldnast meiner at IKT tar for mykje tid. Bortimot alle lærarane (99 %) har trua på at IKT kan vera positivt i matematikkundervisninga.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectPedagogikkno_NO
dc.subjectElevkunnskapno_NO
dc.titleBruk av digitale verkty i matematikkundervisninga: Ei kvantitativ undersøking blant lærarar på barnetrinnetno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel