Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvinge, Lars M.
dc.contributor.authorEngelsen, Knut Steinar
dc.contributor.authorJernes, Margrethe
dc.contributor.authorSinnerud, Marta
dc.contributor.authorØkland, Nils Tore
dc.contributor.authorVangsnes, Vigdis
dc.date.accessioned2010-09-13T12:01:04Z
dc.date.available2010-09-13T12:01:04Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.issn1892-0489
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152126
dc.description.abstractDenne rapporten skildrar resultata frå ei landsomfattande spørjeundersøking blant barnehagestyrarar om utbreiing, bruk og haldningar knytt til digitale verktøy og PC-spel i norske barnehagar. Undersøkinga er gjort av forskargruppa DIGOB ved Høgskolen Stord/Haugesund, finansiert gjennom Norges Forskningsråds Program for praksisretta FoU for barnehage, grunnopplæring. Rapporten er delt inn i tre temaområder; 1) Digitale verktøy, 2) PCspel og 3) Læring og språk ved bruk av PC-spel. Sjølv om undersøkinga også viser sunn skepsis til teknologien er det alt i alt mykje som tyder på at styrarane ønskjer PC’en og dei digitale spela velkomen inn i barnehagen sine aktivitetar. Hovudkonklusjonen i rapporten er at digitale verktøy allereie er utbreitt i norske barnehagar. Dei fleste barnehagane har PC, digitalt kamera, fargeskrivar og CD-spelar, og svært mange brukar PC i ei eller anna form som ein del av tilbodet til borna. Undersøkinga synes elles å ta livet av myta om at barns leik føre datamaskinen er ein taus og einsam leik. Tvert om ser det ut for at leik kring datamaskinen er ein sosial aktivitet som stimulerer til samtale mellom dei som deltek i aktiviteten. Styrarane som er spurde i undersøkinga viser jamt over ei positiv haldning til bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet og gjev uttrykk for at PCspeling er ein aktivitet som kan gje meistingsopplevingar og fremje læring. I rapporten vert det oppfordra til djupare studiar av førskulelærarane sine haldningar og barna si oppleving av bruka av digitale verktøy i barnehagen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.relation.ispartofseriesHSH-rapport;2010/2
dc.titleUtbreiing, bruk og haldningar til digitale verktøy og spel i norske barnehagar: Resultat frå ei nasjonal spørjeundersøkingen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.source.pagenumber132en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel