Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMæland, Kjellfrid
dc.date.accessioned2009-11-26T13:27:30Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152087
dc.description.abstractSkuleåret 2007-2008 fekk eg støtte frå Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) til å gjennomføra ei empirisk undersøking i Karmøy kommune med fokus på Kulturskrinet. Bakgrunnen for denne undersøkinga er den store nasjonale satsinga på kulturformidling og kulturskaping i Den kulturelle skulesekken. Parallelt med dette har det vore ei omfattande satsing på kvalitetsutvikling og skulevurdering knytt til skulereforma Kunnskapsløftet. Mi faglege interesse for temaet byggjer også på erfaringar frå doktorgradsarbeidet mitt, som vart avslutta i 2002. Her var temaet dagens barn i møte med Mostraspelet og kulturskiftet i Noreg for 1000 år sidan. Undersøkinga viste at samarbeid mellom skule, lokalmiljø og kunstnarar kan engasjera barna og gje fruktbare utfordringar i forhold til kulturmøte og kulturbryting. Den føreliggjande undersøkinga er gjennomført på eige initiativ, og underteikna står ansvarleg for opplegg, innhald og analysar. Målgruppe for rapporten er leiinga for Kulturskrinet, skulane i kommunen og nasjonale og regionale leiarar og aktørar innan Den kulturelle skulesekken. I ulike bakgrunnsdokument er det nytta ulike omgrep om dette temaet, som kunstfeltet, kulturfeltet, kultursektoren, skulefeltet, skulesektoren og opplæringssektoren. Eg nyttar til vanleg nemningane kultursektoren og skulesektoren. Eg vil takka HSH, skule- og kulturetaten i Karmøy kommune, leiinga for Kulturskrinet, rektorar, kulturkontaktar og lærarar for deira bidrag og velvilje. Vidare vil eg også takka representantar for leiinga av Den kulturelle skulesekken på nasjonalt nivå og fylkesplan for gode innspel. Takk også til førstelektor Knut Roald (Høgskulen i Sogn og Fjordane), førstelektor Bjørn Meling og professor Magne Espeland (Høgskolen Stord/Haugesund) for faglege bidrag/kommentarar i forhold til kvalitetsdebatten.en
dc.format.extent1259909 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.titleJakta på den verdfulle skatten : Kulturskrinet i Karmøy kommune i eit kvalitetsutviklingsperspektiven
dc.typeOthersen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel