dc.description.abstract | Skuleåret 2007-2008 fekk eg støtte frå Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) til å gjennomføra
ei empirisk undersøking i Karmøy kommune med fokus på Kulturskrinet. Bakgrunnen for
denne undersøkinga er den store nasjonale satsinga på kulturformidling og kulturskaping i
Den kulturelle skulesekken. Parallelt med dette har det vore ei omfattande satsing på
kvalitetsutvikling og skulevurdering knytt til skulereforma Kunnskapsløftet.
Mi faglege interesse for temaet byggjer også på erfaringar frå doktorgradsarbeidet mitt, som
vart avslutta i 2002. Her var temaet dagens barn i møte med Mostraspelet og kulturskiftet i
Noreg for 1000 år sidan. Undersøkinga viste at samarbeid mellom skule, lokalmiljø og
kunstnarar kan engasjera barna og gje fruktbare utfordringar i forhold til kulturmøte og
kulturbryting.
Den føreliggjande undersøkinga er gjennomført på eige initiativ, og underteikna står
ansvarleg for opplegg, innhald og analysar. Målgruppe for rapporten er leiinga for
Kulturskrinet, skulane i kommunen og nasjonale og regionale leiarar og aktørar innan Den
kulturelle skulesekken.
I ulike bakgrunnsdokument er det nytta ulike omgrep om dette temaet, som kunstfeltet,
kulturfeltet, kultursektoren, skulefeltet, skulesektoren og opplæringssektoren. Eg nyttar til
vanleg nemningane kultursektoren og skulesektoren.
Eg vil takka HSH, skule- og kulturetaten i Karmøy kommune, leiinga for Kulturskrinet,
rektorar, kulturkontaktar og lærarar for deira bidrag og velvilje. Vidare vil eg også takka
representantar for leiinga av Den kulturelle skulesekken på nasjonalt nivå og fylkesplan for
gode innspel. Takk også til førstelektor Knut Roald (Høgskulen i Sogn og Fjordane),
førstelektor Bjørn Meling og professor Magne Espeland (Høgskolen Stord/Haugesund) for
faglege bidrag/kommentarar i forhold til kvalitetsdebatten. | en |