dc.description.abstract | Norge er i dag eit fleirkulturelt samfunn. I løpet av ein generasjon har Norge endra seg frå å
vere eit relativt homogent samfunn til eit fleirkulturelt samfunn kor mange dagleg møter ulike
språk- og kulturuttrykk. Til saman har nå 460 000 personar i Norge innvandrarbakgrunn
(første og andre generasjon innvandrar), noko som tilsvarar 9,7 prosent av det samla
folketalet i Norge (SSB 2007). I 1970 var den tilsvarande andelen 1,5 prosent. Alle elevar
med eit anna morsmål enn norsk representerer det fleirspråklege Norge. Blant norske
barnehage- og skolebarn er om lag 150 ulike språk representert. Nokre av desse er store
verdensspråk (St.meld.nr. 23 (2007-2008): Språk bygger broer).
Også Europarådet hevdar at Norge alt i dag er eit fleirspråkleg samfunn. Rådet skiljer mellom
’multilingualism’, som viser til eit geografisk område, stort eller lite, med meir enn ein
språkvariant (’variety of language’) og ’plurilingalism’, som viser til det repertoar av
språkvariantar som individuelle personar brukar for å kommunisere og ta del i interkulturell
interaksjon. Plurilingvale personar kan kommunisere på fleire ulike språk, med varierande
grad av meistring og har erfaring frå fleire ulike kulturar. Vi talar her om ein egen, samansett
kompetanse, ikkje fleire likestilte. (Language Education Policy Profile: Norway (2003-
2004):10
Norge som nasjon vert derfor sett på som fleirspråkleg i tydinga ‘multilingual’, medan norske
elevar er fleirspråklege i tydinga ‘plurilingual’. Norske elevar lærer både bokmål og nynorsk
(ev. finsk/kvensk eller samisk), forstår dansk og svensk, og startar tidleg med opplæring i
engelsk. Det vert laga eksamen i over 100 språk for elevar med andre morsmål enn norsk ved
4
avslutningen av den vidaregåande opplæringa (Language Education Policy Profile: Norway
(2003-2004)). Det er derfor overraskande for desse ekspertane at verdien av denne
språkrikdomen vert undervurdert, at han vert teken for gjeven av samfunnet, og at han ikkje
vert framheva som noko meir positivt. Når Europarådets ekspertgruppe på denne måten gir
uttrykk for politiske verdiar og målsetjingar, kan det vere nyttig å undersøke om vi her finn
underliggjande vitskaplege premiss som t.d. kan legitimere slike mål. I dette høvet finn vi at
bruken av verdilada omgrep som ’verdi’ og ’positivt’ i avsnittet ovanfor peikar tilbake på
Europarådets grunnleggjande syn på språk og språkopplæring. Hovedprinsippet i Europarådet
sin språkpolitikk er å fremje fleirspråkleg kommunikativ dugleik (’plurilingualism’) hos alle
innbyggjarane. Alle skal kunne meistre to framandspråk i tillegg til sitt eige morsmål.
Språkopplæringspolitikken er definert som holistisk: All språkopplæring må utgjere ein
heilskap, og inkludere morsmålsopplæring, framandspråkopplæring og
minoritetsspråkopplæring. Språkopplæringspolitikken vert også sett inn i ein større
samanheng: Gjennom gode språkopplæringsprogram skal alle språklege og kulturelle grupper
inkluderast i det same storsamfunnet og få del i ei felles opplæring i demokrati (’education
for democratic citizenship’). Slik vert språkopplæringspolitikken ein viktig del av
sosialpolitikken, både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. | en |