Innføring av elektronisk dokumentasjon av sjukepleiefaget – strøm til papir, eller nye faglege utfordringar for sjukepleieutdanninga?
Abstract
Formålet med studien har vore å få auka kunnskap og ei større forståing om kva faglege
utfordringa sjukepleieutdanninga møter i forbindelse med innføring av elektronisk
dokumentasjon av sjukepleie i helsetenesta i Noreg.
Studien har ei kvalitativ forskingstilnærming med eit fenomenologisk – hermeneutisk
perspektiv. Det er nytta fokusgruppeintervju som forskingsmetode og informantane er lærarar/
lektorar frå to sjukepleieutdanningar. Til analyse av datamaterialet har ei modifisering av
Giorgi sin fenomenologiske analysemetode vorte nytta, saman med Victoria Wibeck si
utgreiing om analyse av fokusgruppeintervju. Lave og Wenger sin teori om situert læring,
Patricia Benner sin teori om kompetanseutvikling i sjukepleiefaget er bl.a. nytta for å få fram
pedagogiske sider ved datamaterialet. Det har vore av interesse å få fram det særeigne og
komplekse ved sjukepleiefaget og sjå dette i samanhang med kva grunnlagsforståing
teknologi byggjer på. Torunn Hamran og Kari Martinsen har begge eit kritisk perspektiv på
bruk av teknologi i sjukepleiefaget og noko av deira arbeid har vore nytta for å få fram
mulege konsekvensar ved å integrere teknologi til bruk i sjukepleiefaget.
Studien viser at informantane opplever at sjukepleieutdanninga har eit stort ansvar når det
gjeld å utdanne sjukepleiarar som er fagbevisste og reflekterte i høve til elektronisk
dokumentasjon. Informantane erfarer at temaet krev både kunnskap, kompetanse og
engasjement i fagmiljøet i sjukepleieutdanninga. For å ivareta sjukepleiefaget ved bruk av
elektronisk dokumentasjon stiller dette krav om både sjukepleiefagleg - og IKT kompetanse.
Verktøyet kan ved relevant bruk vera til hjelp for å utøve god sjukepleie til pasienten.