Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHavnerås, Åshild
dc.date.accessioned2008-04-15T14:36:23Z
dc.date.issued2008-04-15
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151314
dc.description.abstractFormålet med studien har vore å få auka kunnskap og ei større forståing om kva faglege utfordringa sjukepleieutdanninga møter i forbindelse med innføring av elektronisk dokumentasjon av sjukepleie i helsetenesta i Noreg. Studien har ei kvalitativ forskingstilnærming med eit fenomenologisk – hermeneutisk perspektiv. Det er nytta fokusgruppeintervju som forskingsmetode og informantane er lærarar/ lektorar frå to sjukepleieutdanningar. Til analyse av datamaterialet har ei modifisering av Giorgi sin fenomenologiske analysemetode vorte nytta, saman med Victoria Wibeck si utgreiing om analyse av fokusgruppeintervju. Lave og Wenger sin teori om situert læring, Patricia Benner sin teori om kompetanseutvikling i sjukepleiefaget er bl.a. nytta for å få fram pedagogiske sider ved datamaterialet. Det har vore av interesse å få fram det særeigne og komplekse ved sjukepleiefaget og sjå dette i samanhang med kva grunnlagsforståing teknologi byggjer på. Torunn Hamran og Kari Martinsen har begge eit kritisk perspektiv på bruk av teknologi i sjukepleiefaget og noko av deira arbeid har vore nytta for å få fram mulege konsekvensar ved å integrere teknologi til bruk i sjukepleiefaget. Studien viser at informantane opplever at sjukepleieutdanninga har eit stort ansvar når det gjeld å utdanne sjukepleiarar som er fagbevisste og reflekterte i høve til elektronisk dokumentasjon. Informantane erfarer at temaet krev både kunnskap, kompetanse og engasjement i fagmiljøet i sjukepleieutdanninga. For å ivareta sjukepleiefaget ved bruk av elektronisk dokumentasjon stiller dette krav om både sjukepleiefagleg - og IKT kompetanse. Verktøyet kan ved relevant bruk vera til hjelp for å utøve god sjukepleie til pasienten.en
dc.format.extent492006 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonor
dc.titleInnføring av elektronisk dokumentasjon av sjukepleiefaget – strøm til papir, eller nye faglege utfordringar for sjukepleieutdanninga?en
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Nursing science: 808en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel