For dei er jo dei viktigaste i verda, iallfall for oss då : ei kvalitativ studie om korleis foreldre opplever å ha eit born som stammer og korleis foreldre skildrer den logopediske behandling
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150639Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn og formål: Tidleg intervensjon ved born sin oppstart av stamming er tydingsfullt for utfallet om stamminga opphøyrer eller vedvarar. Informasjon om stamming og involvering av foreldre i stammebehandling er viktig (Guitar 2006). NIFS (norsk interesseforening for stamme) stiller spørsmål om behandlingstilbodet for born som stammer i norske kommunar er godt nok utbygd (Hope 2006). Formålet med denne masteroppgåva var derfor å undersøkje korleis foreldre opplever å ha eit born som stammer og dei si erfaring med den logopediske behandling. Undersøkinga si problemstilling: Korleis opplever foreldre å ha eit born som stammer og korleis skildrer foreldre den logopediske behandling? Fylgjande forskingsspørsmål er brukt for å kaste lys over problemstillinga:
- Korleis opplever foreldre at stamminga påvirkar bornet?
- Korleis opplever foreldre at bornet si stamming påvirkar bornet sine relasjonar?
- Kva tankar har foreldre om stamming og har dei erfaring med stamming frå før?
- Korleis skildrer foreldre den logopediske behandling?
- Kva forventningar og behov har foreldre til den logopediske behandling?