Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTomren, Nora Karin
dc.date.accessioned2014-01-10T11:27:55Z
dc.date.available2014-01-10T11:27:55Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150461
dc.descriptionNora Karin Tomren Masteroppgåve i læring og undervisning Vårsemesteret 2012no_NO
dc.description.abstractSAMANDRAG Masteroppgåva «De må seie det til oss!» har formativ vurdering som tema, og eg har valt å undersøke dette i eit elevperspektiv. Målet er å få innsyn nettopp i elevar si forståing av vurdering og korleis dei gjer seg nytte av den vurderinga dei får. Problemstillinga mi er: Kva er vurdering for læring i eit elevperspektiv? Eg valde fokusgruppeintervju som metode og intervjua 16 elevar frå to niandeklasser. Desse samtalane tok eg opp på band, transkriberte dei og gjennomarbeidde resultata. I drøftinga tok eg for meg dei funna som framheva seg, og eg har hatt fokus på kva elevane har kome fram med, direkte og indirekte, om følgjande område: I kva grad viser det elevane seier ei formativ forståing og erfaring av vurdering, korleis seier dei dialogen om læringa fungerer og kva seier elevane om mestringserfaringar og motivasjon. Eg har og hatt fokus på det etiske perspektivet gjennom oppgåva fordi det å samarbeide med elevar alltid inneber ei etisk fordring om å ta vare på den andre. Resultata viser at elevane har ei summativ forståing av og eit summativt språk for vurdering. Teorigrunnlaget for vurderingspraksisen dei fortel om er behavioristisk, men samtidig har dei erfaringar både med summativ og formativ vurdering og dei etterspør og meir formativ vurdering. Såleis er det stor avstand mellom det språket elevane nyttar når dei snakkar om vurdering og det språket det er naturleg å nytte ved formativ vurdering. Kommunikasjonen om vurderinga dei får seier dei er minimal, og dei oppmodar lærarane til å snakke meir med dei om læringa. Dette er interessant å legge merke til, og eg tenker der ligg endringspotensiale i elevane sitt påtrykk. Når det gjeld erfaringar med vurdering som har motivert dei i særleg grad, dreg dei fram det å bli oppmuntra av lærarar med blikk for dei, og det å ha blitt styrka i trua på at dei kan mestre oppgåver, og dei fortel då særleg om erfaringar frå kroppsøvingstimar. Særleg dei elevane som ofte får låge resultat fortel om mestringserfaringar som er knytt til oppgåver dei har fått formativ vurdering på. Å få innsyn i korleis elevar opplever vurderinga er viktig for å få eit heilskapleg bilete av korleis den fungerer i praksis. Men og for å lytte til og ta på alvor deira meiningar, og å lytte til dei behova dei har når det gjeld eiga læring. Tittelen viser til oppmodingar elevar kom med i samtalane, om å snakke meir med dei om læringa. På eit vis ligg elevane si forståing av vurdering innbakt i tittelen, at det er lærar som må sei til dei kva som gjeld, men for meg har tittelen ein dobbel klangbotn. Oppmodinga går begge vegar. Utfordringa vidare ligg i å styrke vurderingskompetansen ved skulane slik at både lærarar og elevar har ei formativ forståing, eit formativt språk og ein formativ praksis. Ei anna utfordring er å styrke dialogen om læringa og la elevar vere ei naturleg drivkraft i endringsprosessane.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectformativ vurderingno_NO
dc.subjectvurderingno_NO
dc.subjectelevperspektivno_NO
dc.subjecteleverno_NO
dc.title«De må seie det til oss!» : vurdering for læring i eit elevperspektivno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber69no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel