Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRisøy, Ann-Merete
dc.contributor.authorHukset, Venke Lise
dc.date.accessioned2014-02-07T07:41:50Z
dc.date.available2014-02-07T07:41:50Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149895
dc.descriptionIdrett, Fysisk aktivitet og Helse Emnekode: ID3-302 Desember 2013no_NO
dc.description.abstractSAMANDRAG Hensikt Målet med studien var å finne ut i kva grad kroppsøvingsundervisninga på Vg2 yrkesfag i Sogn og Fjordane vert tilrettelagt for at elevane skal verte deltakarar av livslang fysisk aktivitet. Dette er på bakgrunn av at det har vist seg å vere eit stort fråfall i kroppsøvingsundervisninga blant yrkesfagelevar, og i følgje læreplanen skal kroppsøving vere eit fag som skal gje inspirasjon til ein fysisk aktiv livsstil og livslang læring. Det vert hevda at kroppsøving er ein viktig arena for å fremje FA som kan vere positivt i eit folkehelseperspektiv. Metode I oppgåva vart utvalet undersøkt gjennom kvalitativ tilnærming, og det vart brukt metodetriangulering ved å kombinere dokumentanalyse og intervju. Det vart gjort innsamling av ti årsplanar og desse vart analysert. Analysen var bakgrunn for utval av to intervjuobjekt. Intervjua vart gjort for validering av funn, samt skaffe ny informasjon. Funn Det var stor variasjon mellom kor mange aktivitetar som var på kvar skule. Skulane med eit breitt utval aktivitetar hadde eit større innslag av livslange aktivitetar utover dei tradisjonelle lagidrettane. Intervjuobjekta var ytterpunkta av dei analyserte årsplanane. Begge intervjuobjekta har livslang FA som eit ønska mål, og ønskjer at elevane skal lære å vere fysisk aktive på eiga hand. Skule 6 vil at elevane skal tenkje på fysisk aktivitet som helsefremjande. For skule 1 er målet om livslang fysisk aktivitet todelt grunna negativ påverknad av karakterar. Skule 1 har lagt vekt på få aktivitetar, medan skule 6 spelar på variasjon og breidde. Aktivitetsvala hos skule 1 er gjort på bakgrunn av erfaring med at elevane trivst med dei. Skule 6 har gjort val ut i frå kompetansemål og lærebok. Konklusjon Kroppsøvingsfaget vert til ein viss grad tilrettelagt for livslang FA, knytt til eit folkehelseperspektiv, for Vg2 elevar på yrkesfaglege skular i Sogn og Fjordane.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectkroppsøvingno_NO
dc.subjectfysisk aktivitetno_NO
dc.subjectlivslang læringno_NO
dc.subjectfolkehelseno_NO
dc.subjecteleverno_NO
dc.titleKroppsøving og livslang fysisk aktivitetno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO
dc.source.pagenumber48no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel