Kroppsøving og livslang fysisk aktivitet
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149895Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
SAMANDRAG
Hensikt
Målet med studien var å finne ut i kva grad kroppsøvingsundervisninga på Vg2 yrkesfag i Sogn og Fjordane vert tilrettelagt for at elevane skal verte deltakarar av livslang fysisk aktivitet. Dette er på bakgrunn av at det har vist seg å vere eit stort fråfall i kroppsøvingsundervisninga blant yrkesfagelevar, og i følgje læreplanen skal kroppsøving vere eit fag som skal gje inspirasjon til ein fysisk aktiv livsstil og livslang læring. Det vert hevda at kroppsøving er ein viktig arena for å fremje FA som kan vere positivt i eit folkehelseperspektiv.
Metode
I oppgåva vart utvalet undersøkt gjennom kvalitativ tilnærming, og det vart brukt metodetriangulering ved å kombinere dokumentanalyse og intervju. Det vart gjort innsamling av ti årsplanar og desse vart analysert. Analysen var bakgrunn for utval av to intervjuobjekt. Intervjua vart gjort for validering av funn, samt skaffe ny informasjon.
Funn
Det var stor variasjon mellom kor mange aktivitetar som var på kvar skule. Skulane med eit breitt utval aktivitetar hadde eit større innslag av livslange aktivitetar utover dei tradisjonelle lagidrettane. Intervjuobjekta var ytterpunkta av dei analyserte årsplanane.
Begge intervjuobjekta har livslang FA som eit ønska mål, og ønskjer at elevane skal lære å vere fysisk aktive på eiga hand. Skule 6 vil at elevane skal tenkje på fysisk aktivitet som helsefremjande. For skule 1 er målet om livslang fysisk aktivitet todelt grunna negativ påverknad av karakterar. Skule 1 har lagt vekt på få aktivitetar, medan skule 6 spelar på variasjon og breidde. Aktivitetsvala hos skule 1 er gjort på bakgrunn av erfaring med at elevane trivst med dei. Skule 6 har gjort val ut i frå kompetansemål og lærebok.
Konklusjon
Kroppsøvingsfaget vert til ein viss grad tilrettelagt for livslang FA, knytt til eit folkehelseperspektiv, for Vg2 elevar på yrkesfaglege skular i Sogn og Fjordane.
Beskrivelse
Idrett, Fysisk aktivitet og Helse
Emnekode: ID3-302
Desember 2013