Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHoel, Kim Adrian Jensen
dc.contributor.authorØren, Thomas Storehaug
dc.date.accessioned2014-02-07T08:56:14Z
dc.date.available2014-02-07T08:56:14Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149891
dc.descriptionIdrett Fysisk Aktivitet og Helse ID3-302 Desember 2013no_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Fysisk aktivitet kan føre med seg ein rekke helsefordelar. Tross eit stadig større fokus på fysisk aktivitet (FA), ser ein at befolkninga i Noreg ikkje er tilstrekkelig fysisk aktive. Mindre krav til FA i arbeid grunna teknologisk framgang og auka passiv transport, kan være årsaker til dette. Yrker som tradisjonelt har vore fysisk krevjande ser i dag ut til å være mindre prega av FA. Personar med yrker knytt til låg sosioøkonomisk status (SØS) ser ut til å drive størsteparten av sin fysiske aktivitet i arbeidet, medan dei med høg SØS er mest aktive på fritida. Lite/inga forsking med objektive målemetodar er gjort på FA og yrkesgrupper i Noreg, dermed er dette spennande forsking. Metode: 48 forsøkspersonar (akademikarar n=25, tømrarar n=23) vart inkludert i studien. Utvalet vart rekruttert frå 2 tømrarbedrifter og Høgskulen i Sogn og Fjordane. FA vart kartlagt ved hjelp av akselerometer (ActiGraph GT3X+) og spørjeskjema, gjennom ein måleperiode på 7 dagar. Resultat: Uttrykt i teljingar per minutt (TPM) hadde akademikarane (367,65 TPM) og tømrarane (366,42 TPM) eit tilnærma likt dagleg aktivitetsnivå. I arbeidstida var tømrarane (438,62 TPM) signifikant (P < 0.02) meir fysisk aktive enn akademikarane (332 TPM). Akademikarane (395,91 TPM) registrerte meir FA på fritida enn tømrarane (308,59 TPM). Signifikant (P < 0.002) fleire akademikarar enn tømrarar tilfredsstilte anbefalingane for fysisk aktivitet (AFF). Konklusjon: Tømrarane var mest fysisk aktive i arbeidstida, medan akademikarane dreiv mest FA på fritida. Akademikarane tilfredsstilte AFF i større grad enn tømrarane. Det trengst meir forsking dersom forholdet mellom FA og ulike yrker skal kartleggjast tilstrekkelig.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectfysisk aktivitetno_NO
dc.subjectsosioøkonomisk statusno_NO
dc.subjectarbeidno_NO
dc.subjectfritidno_NO
dc.titleFysisk aktivitet hjå akademikarar og tømrarar i Sogndal målt med akselerometer.no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO
dc.source.pagenumber35no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel