• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / Faculty of Education, Arts and Sports
  • Institutt for idrett, kosthald og naturfag
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / Faculty of Education, Arts and Sports
  • Institutt for idrett, kosthald og naturfag
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Fysisk aktivitet hjå akademikarar og tømrarar i Sogndal målt med akselerometer.

Hoel, Kim Adrian Jensen; Øren, Thomas Storehaug
Bachelor thesis
Thumbnail
View/Open
Kim og Thomas Bachelor fysisk aktivitet hjå akademikarar og tømrarar i Sogndal .pdf (568.9Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/149891
Date
2013
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for idrett, kosthald og naturfag [953]
Abstract
Bakgrunn: Fysisk aktivitet kan føre med seg ein rekke helsefordelar. Tross eit stadig større fokus på fysisk aktivitet (FA), ser ein at befolkninga i Noreg ikkje er tilstrekkelig fysisk aktive. Mindre krav til FA i arbeid grunna teknologisk framgang og auka passiv transport, kan være årsaker til dette. Yrker som tradisjonelt har vore fysisk krevjande ser i dag ut til å være mindre prega av FA. Personar med yrker knytt til låg sosioøkonomisk status (SØS) ser ut til å drive størsteparten av sin fysiske aktivitet i arbeidet, medan dei med høg SØS er mest aktive på fritida. Lite/inga forsking med objektive målemetodar er gjort på FA og yrkesgrupper i Noreg, dermed er dette spennande forsking. Metode: 48 forsøkspersonar (akademikarar n=25, tømrarar n=23) vart inkludert i studien. Utvalet vart rekruttert frå 2 tømrarbedrifter og Høgskulen i Sogn og Fjordane. FA vart kartlagt ved hjelp av akselerometer (ActiGraph GT3X+) og spørjeskjema, gjennom ein måleperiode på 7 dagar. Resultat: Uttrykt i teljingar per minutt (TPM) hadde akademikarane (367,65 TPM) og tømrarane (366,42 TPM) eit tilnærma likt dagleg aktivitetsnivå. I arbeidstida var tømrarane (438,62 TPM) signifikant (P < 0.02) meir fysisk aktive enn akademikarane (332 TPM). Akademikarane (395,91 TPM) registrerte meir FA på fritida enn tømrarane (308,59 TPM). Signifikant (P < 0.002) fleire akademikarar enn tømrarar tilfredsstilte anbefalingane for fysisk aktivitet (AFF). Konklusjon: Tømrarane var mest fysisk aktive i arbeidstida, medan akademikarane dreiv mest FA på fritida. Akademikarane tilfredsstilte AFF i større grad enn tømrarane. Det trengst meir forsking dersom forholdet mellom FA og ulike yrker skal kartleggjast tilstrekkelig.
Description
Idrett Fysisk Aktivitet og Helse ID3-302 Desember 2013

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit