Skjøtselsplan for kulturlandskapet på Øvre Ormelid, Luster kommune
Abstract
Kulturlandskapselementa og kulturmarkstypane på Øvre Ormelid er varierte og med høg nasjonal verdi. Naturenger og kulturenger på innmarka utgjer dei største areala. Kulturmiljøet er særprega med eit variert bygningsmiljø. Innmarksarealet til garden har eit høgt tal med dyrkingsspor, t.d. i form av små og større rydningsrøyser, vatningsveiter, bakkemurar, grensegjerde og stianlegg.
Innmarksarealet på øvre Ormelid er delt inn i 6 skjøtselsområde. For kvart av områda er det gitt ein del historisk informasjon, dagens tilstand og mål for skjøtselsarbeidet er skildra og aktuelle skjøtsels- og restaureringstiltak er føreslegne. Hovudsakleg er målet for skjøtselstiltaka å få fram ein tilstand slik området hadde det siste tiåret syskena Kjellaug og Erling dreiv garden på Øvre Ormelid. Generelt er tradisjonell bruk den tilrådde skjøtselsforma.