Mannlege førskulelærarar gjennom fire tiår 1977-2007 : rapport frå eit kartleggingsprosjekt ved førskulelærarutdanninga
Book
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149516Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rapporten gir ei oppsummering av hovudfunna frå undersøkinga: Mannlege førskulelærarar gjennom fire tiår 1977-2007. Undersøkinga omfattar dei 96 mannlege førskulelærarane som har gått ut av førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i perioden 1997-2006. Undersøkinga har tatt sikte på å finne ut av kva dei 96 mennene har gjort i tida etter utdanning: Kor mange av dei er framleis i arbeid i barnehagen? Kor mange er i skulen? Kor mange er i heilt andre jobbar? Kor bur dei? Korleis vurderer dei det å arbeide i barnehage? Ville dei valt denne utdanninga ein gong til? Til oppsummering av undersøkinga, er det knytt faglege og teoretiske drøftingar av den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, maskulinitetar, menn i typiske kvinneyrke og menn i typiske kvinneutdanningar. Eit sveip gjennom "utdanningshistoria" til mannlege førskulelærarar og oppdatert statistikk som viser utviklingstrekk når det gjeld mannlege førskulelærarstudentar og mannlege barnehagetilsette i perioden frå 1990 til i dag, er også ein del av rapporten.
Serie
Rapport1/2008