Bibliotek, kvalitetsreform og heilskapleg læringsmiljø
Abstract
I dette notatet vert høgskulebiblioteket som læringsarena drøfta. Det vert
sett søkelys på spenninga i ein høgare utdanningsinstitusjon som må gjera
vegval ut frå sentrale føringar og statleg styring. Vilkåra for å omsetja vala
til praktisk handling og endra åtferd nedover i organisasjonen vert
problematisert. Eg ser på dei utfordringane biblioteket står overfor i
samband med at organisasjonen skal implementera Kvalitetsreforma. Vidare
vert endringsprosessar og krefter som formar endringane, spesielt motstand
mot endring, og strategiar for å overvinna slik motstand, drøfta.
Samanheng mellom ulike arbeids- og ansvarsområde i biblioteket og i
organisasjonen elles er eit sentralt tema, likeså behov og vanskar knytt til
samspel mellom ulike interessegrupper. Avsluttningsvis drøftar eg
organisasjonsutvikling internt i bibliotektenesta med vekt på endringsleiing
og endringsprosess.
Series
HSF Notat8/2002