Pedagogiske løysingar i nytt skulebygg : Luster ungdomsskule
Abstract
Luster kommune starta i 2003 opp eit pedagogisk utviklingsprosjekt
i samband med bygging av ny ungdomsskule i Gaupne. Målet med
prosjektet var å utvikle optimale arbeidsformer for elevar og tilsette i
den nye bygningen som har ei kostnadsramme på vel 50 mill. kr.
Planløysinga i den nye skulebygningen opnar for varierte former for
pedagogisk arbeid. Dette kan styrke læringsarbeidet og det sosiale
samspelet vesentleg, men også gi uventa utfordringar dersom ein
ikkje utviklar gode rammer rundt læringsprosessane.
Opplegget for dette prosjektet kan gi idear til tilsvarande pedagogisk
utviklingsarbeid i samband med bygging av nye skular i andre
kommunar.
Publisher
Høgskulen i Sogn og FjordaneSeries
HSF Notat1/2005