Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) som grunnlagsdokument i praksisopplæringa
Abstract
Notatet er eit samandrag av ei spørjeundersøking blant lærarstudentar på allmennlærarlina ved HSF, ALI, våren 2004 om bruk av Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen i praksisopplæringa.
Undersøkinga omfattar 1., 2. og 3.årsstudentar på allmennlærarlina og gjeld både D- nett- og ordinære studentar. Av 195 studentar var det 105 som gav svar. Undersøkinga viser at planen saman med lærebøkene vert brukt som grunnlagsdokument for utarbeiding av års -, halvårs - og månadsplanar. Også konkrete og tverrfaglege tema- og prosjektarbeid
vert utarbeidd på grunnlag av planen. Det ein kan lese ut av svara er at planen påverkar praksisfeltet. Undersøkinga viser og at det er eit vidt område av planen som er i bruk, samstundes som det er stor variasjon i bruken. Resultatet av denne undersøkinga om bruken er i samsvar med den nasjonale vurderinga av L97.
Publisher
Høgskulen i Sogn og FjordaneSeries
HSF Notat9/2005