Show simple item record

dc.contributor.authorHufthammer, Victoria
dc.date.accessioned2024-07-03T11:10:00Z
dc.date.available2024-07-03T11:10:00Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137700
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractI denne oppgåva undersøker eg korleis ein spelestetisk analyse av spelnovella Milkmaid Of The Milky Way kan gje bidrag til å utvikle litterær kompetanse på 10.trinn. Dataspel har i dei seinare åra fått ein stor plass i barn og unge sin kvardag. Eg vil derfor undersøke om bruk av spelnovelle i undervisninga kan vere med på å nå utvalde kompetansemål i litteratur. Målet er å undersøke korleis arbeid med spelnovella kan bidra til at elevane kan nå utvalde kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. Eg vil også vise til konkrete måtar ein kan arbeide med spelnovella på, og knytte forslaga til undervisning opp mot kompetansemåla i LK20. For å undersøke problemstillinga mi, har eg valt å nytte meg av ein kvalitativ metode der eg utfører ei estetisk analyse av spelnovella. Den estetiske analysen tek utgangspunkt i spelnovella Milkmaid Of The Milky Way av Mattis Folkestad (2018), og inneheld tolkingar av karakterutvikling, framstilling av verda, musikk og lyd, og korleis ulike objekt og hendingar verkar inn på spelaren. Materialet vert attgjeve ved hjelp av gjennomspeling frå to ulike YouTube-kanalar. For å skildre estetiske og narrative element frå spelet, nyttar eg meg av teori frå blant anna Espen Aarseth (2012), Simon Egenfeldt-Nielsen et. al (2020) og Lykke Guanio-Uluru (2022). Det vert også supplert med hermeneutisk teori for å skildre tolkingsprosessen. I den estetiske analysen vert det gjort fleire hovudfunn. Eitt av desse er hovudkarakteren Ruth si utvikling, der ein ser ei stor endring frå ei einsam budeie på ein seter til ei modig heltinne på eit romskip med utanomjordiske skapningar. Eitt anna funn er korleis spelaren kan utføre oppdrag ved hjelp av lyriske gåter, lydeffektar, musikk og objekt. Dette er utgangspunktet for diskusjonen rundt dei utvalde kompetansemåla og korleis ein kan arbeide med spelnovella i undervisninga. Avslutningsvis vert det også foreslått vidare forsking på felteen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorskfageten_US
dc.titleÅ arbeide med estetisk analyse av spelnovella Milkmaid Of The Milky Way opp mot kompetansemål i litteratur for 10.trinnen_US
dc.title.alternativeWorking with an Aesthetic Analysis of the Short Story Game Milkmaid Of The Milky Way in Relation to Competency Aims in Literature for Grade 10en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal