Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkarpen, Tora
dc.date.accessioned2024-07-03T08:26:18Z
dc.date.available2024-07-03T08:26:18Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137628
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractI denne masteroppgåva undersøkjer eg ungdomsromanane Lappjævel! av Kathrine Nedrejord, og Lars er LOL av Iben Akerlie. Målet med prosjektet er å forstå kva samanheng mobbing og utanforskap har med hovudpersonane sin identitetsutvikling. Begge bøkene handlar om mobbing og utanforskap, men lesaren føl eit mobbeoffer i den eine boka, og ein mobbar i den andre. For å svare på problemstillinga og forskingsspørsmåla mine har det vore nødvendig å utføre litterære analysar av begge bøkene. Eg har gjennomført ein tema- og motivanalyse. I dei litterære analysane har fokuset vore på hovudkarakterane. Mellom anna har eg studert kva relasjonar dei har med andre, kva syn dei har på seg sjølv, og korleis dette eventuelt har utvikla seg gjennom handlinga. Studien syner at det er ein sterk samanheng mellom mobbing/utanforskap og identitetsutvikling. Hovudpersonen i Lars er LOL har dårleg sjølvtillit og eit sterkt ønske om å oppleve gruppetilhøyrsle. Dette driv ho til å mobbe venen Lars som har Downs syndrom. Konsekvensar av denne mobbinga fekk ho til å innsjå at popularitet ikkje var så viktig som ho trudde, gode og trygge vennskap hadde mykje større verdi for ho. Hovudpersonen i Lappjævel!, derimot, vert utsett for mobbing grunna hans kulturelle tilhøyrsle som same. Han endar opp med å få sterk sjølvforakt, og slit med identitetsproblematikk. Bøkene syner difor identitetsutvikling på både godt og vondt. Dei litterære analysane viser også at samfunnet og skulen sine verdiar i stor grad pregar karakterane si åtferd og identitet. Korleis elevane vert møtt av lærarane sine og kva haldningar skulane har til mangfald og minoritetar er svært ulikt i bøkene. Det fører også til at elevane sin oppførsel mot kvarandre, syn på seg sjølv og reaksjonar på mobbing er svært forskjellige, og dette er eit av dei viktigaste funna i analysane. Med utgangspunkt i desse funna har bøkene eit stort potensiale for mobbeforebyggjande arbeid i litteraturklasserommet. Bøkene har potensiale til å fremje gode verdiar. Difor kan arbeid med bøker som dette bidra til å fremje gode haldningar i dagens og framtidas skuleen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorskfageten_US
dc.subjectidentitetsutviklingen_US
dc.subjectmobbingen_US
dc.titleSamanheng mellom mobbing og identitetsutvikling i Lappjævel! og Lars er LOL. Ein litterær analyseen_US
dc.title.alternativeRelationship between bullying and identity development in Lappjævel! and Lars er LOL. A literary analysisen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal