Show simple item record

dc.contributor.authorHaveland, Sunniva Støylen
dc.date.accessioned2024-07-03T08:17:34Z
dc.date.available2024-07-03T08:17:34Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137624
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøkjer framstillinga av protagonist og antagonist i to fantasybøker, samt kva verdiar som står på spel når dei kjempar om godt og vondt. Fantasylitteraturen opnar for å undersøkje kompleksiteten til karakterane. Dei står ofte i motsetning til kvarandre i ein kamp mellom godt og vondt, der deira verdiar og handlingar speglar dei moralske og etiske dilemma vi møter i verkelegheita. Oppgåva tar utgangspunkt i to fantasybøker: Harry Potter og De vises stein (2001) av J. K. Rowling, og Odinsbarn (2014) av Siri Pettersen. I begge bøkene møter vi tydelege protagonistar og antagonistar, som gjennom framstillinga av deira handlingar og val innehar ulike verdiar, eigenskapar og mål. Desse karakterane vert analysert ved hjelp av teori om karakterar i litteraturen, fantasy som plattform for å undersøkje det som ligg under overflata, forteljar og synsvinkel, og etikkens betydning for forteljinga som verktøy. Analysane avslører ein tydeleg kontrast mellom protagonistane, Harry og Hirka, og antagonistane, Voldemort og Urd. Harry og Hirka representerer fleire sentrale verdiar som empati, lojalitet, vennskap og usjølviskheit, medan Voldemort og Urd utfordrar desse verdiane gjennom maktbegjær, manipulasjon og dødsfrykt. Kontrastane mellom desse karakterane kastar lys over djupare verdikonfliktar og menneskelege eigenskapar. Vidare blir funna diskuterte i lys av opplæringas verdigrunnlag. Det vert påpeikt korleis empati, inkludering og respekt for mangfald blir reflekterte gjennom karakteranes handlingar og konfliktar. Samstundes vert det erkjent at det oppstår ambivalens når karakterane ikkje alltid handlar i samsvar med desse verdiane, noko som peikar på kompleksiteten i menneskeleg natur og samfunnsmessige forventningar. Det kjem også fram at analysen av karakteranes verdikonfliktar kan vere relevant for å fremje etisk refleksjon og bevisstheit i opplæringa. Denne studien bidreg til ei djupare forståing av korleis litterære verk kan utforske komplekse tema som verdikonfliktar, samtidig som den viser relevansen av slike analyser for pedagogisk praksisen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorskfageten_US
dc.subjectfantasyen_US
dc.titleVerdiar på spel i fantastisk litteratur: To litterære analyser av fantasybøkeren_US
dc.title.alternativeValues at Stake in Fantasy Literature: Two Literary Analyses of Fantasy Booksen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal