Demokratiserande læringsprosessar: Sjukepleiestudentar sine erfaringar kring medverknad i teoriemnet psykisk helsearbeid
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3122137Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3580]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2721]
Sammendrag
Studiar om studentar sine erfaringar med uformell brukarmedverknad i høgare utdanning er etterspurt. Det er ynskjeleg at studentane deltek i demokratiserande lærings- og vurderingsprosessar, sidan dei har førstehandserfaring med kva som er viktig for dei. Hensikta med studien var å utforske og beskrive korleis sjukepleiarstudentar i tredje studieåret erfarer eigen medverknad i teoriemnet psykisk helsearbeid. Data vart samla inn ved fokusgruppeintervju med seksten studentar og analysert gjennom kvalitativ innhaldsanalyse. Funna vart drøfta i høve til korleis sjukepleiarstudentar erfarer eigen brukarmedverknad innafor autonomien dei har i sjukepleiarutdanninga sine teoretiske læringsinitiativ. Studentane erfarer at visse rammefaktorar, som til dømes store klassar, utfordrar prosessane. Studentane medverkar gjennom sine læringsstrategiar og ulike læringsformer. Brukarmedverknaden er størst når studentane arbeider i små grupper der dei får øvd seg praktisk på grunnlag av skrivne kasus med rettleiing frå lærar.