Tippekampen - nyskaping i historisk perspektiv
Original version
https://doi.org/10.18261/9788215069371-23-14Abstract
Artikkelen handlar om programposten Tippekampen og samspelet den hadde med norske aviser frå 1969 til 1981. Tippekampsendingar starta opp i Noreg, Sverige og Danmark 29. november 1969, og direktesendt engelsk fotball vart raskt populært. Utover 1970-talet utvikla Tippekampen seg til å bli ein del av kvardagen for norske aviser og det fotball- og tippeinteresserte norske folk. Arbeidet mitt viser at Tippekampen var ei viktig nyskaping i 1969, og programposten sette spor etter seg både mediehistorisk og idrettshistorisk.