Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOlsen, Tone Vigdis
dc.date.accessioned2024-01-22T14:16:16Z
dc.date.available2024-01-22T14:16:16Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3113173
dc.description.abstractTittel : Eit kvalitativt studie av pedagogar sine erfaringar med psykologisk førstehjelp i barnehage Føremål og problemstilling: Føremålet med masteroppgåva er å undersøke kva erfaringar pedagogar har med Psykologisk første-hjelp Grønne tanker – glade barn i barnehagen. Psykisk helse har fått større fokus i dei siste åra, noko som har kome tydlegare fram i Rammeplan for barnehagen 2017 under tema Livsmeistring og helse (Utdanningsdirektoratet, 2017). Om lag 15 - 20 % barn og unge under 18 år strevar med den psykiske helsa (Mathiesen m.fl., 2009), difor er målretta tiltak i barnehage og skule vesentlig arbeid med tidleg innsats. Grønne tanker– glade barn er eit universalførebyggande program for barn mellom 4-7 år for å fremje barn sitt tanke- og kjenslemedvit med teoretisk forankring i kognitiv atferdsteori (KAT). Programmet har fått stor utbreiing i barnehagar i Noreg. Interessa for dette tema har leia meg fram til problem-stillinga: Kva erfaringar har pedagogar med psykologisk førstehjelp i barnehagen? For å undersøke problemstillinga har eg valt fire forskingsspørsmål: -Kva refleksjonar har informantane om psykisk helse og tidleg innsats i barnehagen? -Kva refleksjonar har pedagogane om Psykologisk førstehjelp Grønne tanker – glade barn som verk-tøy i psykisk helseførebyggande arbeid? -Blir programmet gjennomførd etter intensjonen? -Kva kritikk kjem fram frå informantane? Metode, utval og analyse: Eg valde kvalitativ forskingsmetode for å gå i djupna av fenomenet psykologisk førstehjelp frå eit fe-nomenologisk perspektiv. Utvalet er sju pedagogar med barnehagelærarutdanning og /eller spesial-pedagogisk utdanningsbakgrunn med kurs eller opplæring av Grønne tanker – glade barn. Undersøkinga er delvis replikasjon av Berit Helle Halebrekke (2018) sitt masterstudie. Datainnsamling blei gjort med semistukturert intervjumetode. Lyd opptak blei transkribert til tekst som danna grunn-laget for empiriske funn og temasentrert analyse. Tolkinga er med ei hermeneutisk tilnærming til teksten. Strukturer Ing og koding av data blei gjort via datahandteringsprogrammet Nvivo12. Prosjektet er godkjend av NSD (Norsk Senter for Datasikkerhet). Resultat og konklusjon: Resultata frå studiet er sprikande. Fire pedagogar erfarte at Grønne tanker – glade barn er eit nyttig og praktisk verktøy til bruk i barnehagen, medan tre pedagogar var relativt kritiske til programmet. Verktøyet kan vere god støtte for personalet i arbeidet med å utvikle barn sitt kjenslespråk, men kunnskap er avgjerande for å bruke det metodisk riktig. Gjennom større fokus på psykisk helse og fo-kus på å stimulere barn sitt tanke – og kjenslemedvit, trur informantane at verktøyet kan ha ein føre-byggande effekt. Pedagogane erfarte psykiske og fysiske reaksjonar hos barn ved bruk av programmet. Det kom fram kritikk av fargebruken og terminologi, og bruk av programmet for barn i risiko for språk- og psyko-sosiale vanskar. Kompleksitetar i barnegrupper gjer at programmet må individ- og gruppetilpassast. Studiet viser mangel på systematiske evalueringar og satsing i heile barnehagen. Det trengs meir forsking på programmet sin psykisk helsefremmande og førebyggande effekten_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEit kvalitativt studie av pedagogar sine erfaringar med psykologisk førstehjelp i barnehageen_US
dc.title.alternativeA Qualitative Study of an Educator's Experience with Psychological First Aid in Preschoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal