Borni Leikar/Maati Kahe
Abstract
I denne teksten vert det reflektert over den skapande prosessen med å lage ny musikk frå fyrste møtet med diktet «Borni Leikar» av Olav H. Hauge fram til offentleg digital lansering og internasjonal distribusjon av singelen Borni Leikar/Maati Kahe med Lena Skjerdal Trio og Dhanashree Pandit Rai 31.desember 2022. Stien fram til ferdig produkt har vore lang, og det er naudsynt å skildre nokre av dei ulike stadia eller stadane som det skapande arbeidet har funne stad, for så å kunne reflektere kvifor desse er via merksemd i teksten via refleksjon. Stadia kallar eg: Impuls, Assosiasjonar, uttrykk og erfaring, Skisser og utprøvingar, Første forsøk på lydfesting, Bearbeiding, Andre forsøk på lydfesting, Etiske problemstillingar, Ferdigstilling og utgiving og Avslutning.
Ny musikk har i dette prosjektet vorte skapt, publisert og formidla. Den innspelte musikken er brukt som ein refleksjon over musikalske møter og eit nytt uttrykk over tematikk som borns leik og livsverd og musikalsk kommunikasjon over kulturelle grenser.
Description
Refleksjon av kunstfaglig forskning