Kommunale handlingsplanar - ei temaanalyse av grunnskulen sitt arbeid med elevfråvær.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3106976Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn
Det er ikkje alle elevar som fullfører grunnskulen i vårt samfunn. For høgt fråvær er ei av årsakene til dette. Denne masterstudien analyserer korleis kommunale handlingsplanar tilrår at tilsette i grunnskular skal arbeide med elevfråvær.
Metode
Metoden i masterstudien er komparativ casestudie med kvalitativ tilnærming, som er brukt for å få svar på problemstillinga. Det er gjennomført ein kvalitativ temaanalyse, av fem kommunale handlingsplanar som handlar om grunnskulen sitt arbeid med elevfråvær.
Resultat
I dei fem kommunale handlingsplanane som er undersøkte er det i ulik grad arbeidd med førebygging, definisjonar og oppfølging av elevfråvær. I førebygging er eit tiltak å føre fråvær på elevar, samt at dei føresette skal melde inn fråvær. Det er ulik praksis om tilsette får opplæring i handlingsplanen, og om elevar og føresette får informasjon om fråværsrutinar. Det er også ulikt om tilsette skal evaluere handlingsplanen, om fråvær er fast sak på møte, kven av dei tilsette som skal ha oversikt over fråværet og i kva grad leiinga skal vere involvert i arbeidet med fråværet. Under definisjonar av elevfråvær er det likt at kommunane har definisjonar for «alvorleg elevfråvær», og at når denne er oppfylt blir det iverksett ein oppfølgingsplan. Men det er ulikt korleis kommunane definerer «alvorleg elevfråvær». I oppfølging av elevfråvær er det likt i handlingsplanane at heimen skal bli kontakta når eleven har alvorleg fråvær, og at kontaktlærar skal samarbeide med foreldre og elev og eventuelt andre tilsette eller instansar for å lage ein samarbeidsavtale med tiltak for å betre fråværet. Etter ei tid skal tiltaka enten bli justerte eller vidareførte, med påfølgande ny evaluering. I alle dei fem handlingsplanane er det forslag til korleis tilsette kan arbeide med oppfølging.
Konklusjon
Det er både likskapar og ulikskapar i korleis kommunar tilrår at tilsette i grunnskular skal arbeide med elevfråvær. Ein veit heller ikkje om dei gjeldande handlingsplanane har påverka fråværet etter at dei blei innførte.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap
Institutt for samfunnsvitskap