Trådvariasjonar: Kvifor gjer eg som eg gjer? Kvifor blir det som det blir?
Abstract
Ei sentral inspirasjonskjelde i prosjektet mitt er dei yngste barnas teikningar, også kalla rabbel. I det kunstnariske utviklingsarbeidet mitt teiknar eg med tråd. Ein kan også kalle det for broderi. Det er ein langsam teknikk i motsetnad til dei gjerne raske og impulsive teikningane som er inspirasjonskjelda mi. I dokumentasjonen har eg vektlagt foto av eit arbeid med tittelen Tegn som var ferdigstilt og offentleg synt fram ved Kunstgarasjen i Bergen si jubileumsutstilling i 2021. I tillegg har eg fleire arbeider frå perioden 2019-2020 som er ein del av same serie.
Det kunstfaglege forskingsarbeidet mitt har klar relevans til barnehagelærarutdanninga og praksisfeltet. Våren 2022 hospiterte eg ved Fosshagen barnehage i Sogndal (namn på barnehage gjengjeve etter samtykke). Same vår tok eg mitt kunstnariske utviklingsarbeid (KU) inn i undervising med studentar ved barnehagelærarutdanninga.
Refleksjonen som vert vist her var del 3 av søknad til fagfellevurdering av kunstfaglege forskingsformer (KFF). Del 1 bestod av søknadsskjema og del 2 var dokumentasjon av arbeider.
Description
Refleksjon av kunstfaglig forskning