Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVik, Bernhard
dc.date.accessioned2023-11-10T12:59:37Z
dc.date.available2023-11-10T12:59:37Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3101925
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractMatematikkfaget er i dag eit høgt prioritert fag i norsk skule, men likevel stille elevane spørsmål om kvifor dei må lære matematikk. Sjølv om dette spørsmålet kan diskuterast om kvifor elevane stille det, har eg i denne oppgåva tatt spørsmålet på alvor. I tillegg vil eg med denne oppgåva bidra med eit kritisk blikk på den nye læreplanen som er innført i 2020. Dette har blitt gjort ved å gjennomføre ein tredelt analyse av læreplanen i matematikk, som støtter seg på Norman Fairclough sin teori om kritisk diskursanalyse. I del 1 har eg beskrive trekk ved grunngjevinga som kjem fram i læreplanen i lys av kva som er eksplisitt og implisitt gitt i den, og kva funksjon denne grunngjevinga er med å gi matematikkfaget og utdanninga. I del 2 har eg sett på grunngjevinga i lys av produksjonsprosessen til læreplanen og ved å studere argumentasjonar som kjem i dokumenter med nær tilknyting til læreplanen i matematikk. I del 3 blir funna frå dei to tidlegare stega belyste med ei forståing i dei større makrostrukturane i samfunnet som påverkar utdanningspolitikken. I analysen til oppgåva kjem eg fram til at det eksisterer fleire grunngjevingar som plasserer seg over fleire av dei større makroforholda som konkurrer om innflytelse i skulen. Men tre store grunngjevingar gjer seg spesielt synleg. Aller først skal matematikkfaget vere med på å bidra til ein teknologisk og økonomisk vekst i samfunnet ved å gi elevane matematiske kompetansar. Vidare skal matematikkfaget vere med på å utvikle elevane som menneske gjennom å la elevane arbeide med matematikk. Til slutt skal matematikkfaget vere med på å utvikle elevane som samfunnsborgarar ved å gi elevane matematisk kompetanse og forståing som dei vil trenge i samfunnet. Med dette resultatet er læreplanen eit kompromiss-dokument som prøver å knyte saman fleire tradisjonar og syn på matematikkfaget. Men med den grunngjevinga faget har fått, er eg usikker på om ein kan oppnå det ein ønskjer med faget. For at faget skal greie å få fleire elever inn mot realfagsyrker peiker enkelte studiar på at faget må leggje vekt på elevanes ambisjonar til desse yrka i staden for å fokusere på elevanes resultat. Sjølv om faget også legg vekt på å utvikle elevane til samfunnsborgarar, ser eg ein mangel i læreplanen på ulike typar måte å gjennomføre denne utviklinga. Med dette er eit viktig spørsmål å stille om læreplanen stiller riktige forventningar til å oppnå det dei ønskjer gjennom fageten_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectmatematikken_US
dc.titleKva skal vi med matematikk? Ein kritisk diskursanalyse om korleis matematikkfaget blir grunngjeve for i den norske læreplanenen_US
dc.title.alternativeWhat do we need math for? A critical discourse analysis of the reasoning behind the mathematical subject in the Norwegian curriculumen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal