Visuell studie av Lathyrus odoratus
Abstract
Prosjektet er ein visuell studie av Lathyratus odoratus der ein mellom anna ser på kva botanisk kunnskap ein kan hausta gjennom observasjon og teikning, og korleis ein kan framstille vekstforma hos tre ulike sortar L. odoratus. Prosjektet munna ut i tre botaniske illustrasjonar; L. odoratus «cupani», L. odoratus «matacuna» og L. odoratus «eclipse» der den kunstnarlege prosessen la særskild vekt på observasjon og detaljstudie av plantene.
Gjennom prosjektet kunne ein erfare korleis teikninga var til hjelp for å forstå planta og at ein samstundes utvikla evna til å sjå. Ein ser meir og det vert lettare å observere, ein utviklar uthald til å konsentrere seg i lengre periodar og til å observere fleire deltaljar. I prosjektet vert teikning og observasjon også knytt til «planteblindheit» ved at prosjektet opnar for ein tverrfagleg læringsprosess der læring av teikneferdigheiter er likeverdig med læring av botanikk. Teikneprosessen fører til ein utvikling av observasjonsevna som igjen kan bidra til auka merksemd for omgjevnadene rundt oss. Refleksjonane rundt prosjektet legg vekt på læringa som skjer og viser relevans for barnehage og skule, samt for studentar si læring
Description
Refleksjon av kunstfaglig forskning