Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLie, Natalie Steine
dc.date.accessioned2023-11-07T13:40:30Z
dc.date.available2023-11-07T13:40:30Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3101150
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractTema for denne masteroppgåva er elevar med stort læringspotensial i begynnaropplæringa i norsk. Elevar med stort læringspotensial er ei gruppe elevar som lenge har blitt nedprioritert og gløymt i norsk utdanningspolitikk. Likevel har elevar med stort læringspotensial fått meir merksemd i løpet av dei seinaste åra, og forsking viser at denne elevgruppa utgjer 10-15 % av elevar i norsk skule. Dette tilseier at ein ikkje lenger kan ignorere viktigheita av at desse elevane blir møtt i skulen. Føremålet med denne oppgåva er å undersøke korleis ein som lærar kan identifisere, tilpasse opplæringa for, og kartlegge norskfaglege ferdigheiter hos elevar med stort læringspotensial i begynnaropplæringa i norsk. Eg har undersøkt oppgåva si problemstilling ved å utføre ein casestudie som omfattar ein samtale og intervju med tilsette ved ein skule som har satsa spesielt på elevar med stort læringspotensial. Eg har òg intervjua ein forskar som har samarbeidd med dei tilsette ved skulen gjennom eit kompetanseutviklingsprosjekt som har gått føre seg i ein periode på to år. Sidan eg visste at lærarane på skulen hadde erfaring med elevar med stort læringspotensial som følge av utviklingsprosjektet, var det einaste kriteriet for utval av informantar til intervju at lærarane skulle ha erfaring innan norsk begynnaropplæring. Funna mine viser at lærarane har utvikla generell kompetanse for korleis dei kan tilpasse for og kartlegge elevar med stort læringspotensial, men likevel ser dei på spesifikk norskfagleg tilpassing og kartlegging som utfordrande. Lærarane hevdar at dei føler seg kompetente til å identifisere elevar med stort læringspotensial, men nokre er framleis skeptisk til å rapportere det til heimen, ettersom dette kan føre til at eleven får eit uheldig «stempel». Funna mine viser at det framleis er ein veg å gå når det kjem til spesifikk norskfagleg tilpassa opplæring for elevar med stort læringspotensial. Vidare forsking kan innebere å få eit innblikk i korleis dei gjeldande elevane har opplevd nytta av eit slikt utviklingsprosjekt. I ein norskfagleg setting kan ein undersøke korleis elevar som kan lese og/eller skrive når dei startar på skulen, opplever tilpassinga av undervisningaen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorskfageten_US
dc.title«Jeg ville ha jobbet med/prøvd å finne ut hvorfor det for mange av disse elevene er så vanskelig å produsere f.eks en tekst.» (Camilla): Ein casestudie av utviklingsarbeid for elevar med stort læringspotensial i begynnaropplæringa i norsken_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal