Normeringsavvik i ulike skrivesituasjonar: Ei gransking av normeringsavvik hjå eit utval ungdomar i eit fokusert språksamfunn
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3100556Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne masteroppgåva undersøkjer eg avvik frå nynorsknorma hjå eit utval elevar i det fokuserte språksamfunnet Voss herad. Eg har studert tekstar som er skrivne i tre ulike skrivesituasjonar med ulik grad av formalitet i- og rundt skrivinga. Skrivesituasjonane som oppgåva dreier rundt er tentamensskriving, notatbokskriving og fritidsskriving. Grunna at fritidsskrivinga er henta frå sosiale medium, er informantane over 13 år.
Det teoretiske grunnlaget analysen byggjer på er basert på teori knytt til normering av språk, og ei sosiolingvistisk framstilling av identitet. Sosiale medium har vorte ein stor del av ungdom sin kvardag, noko som gjer at skrift vert teke i bruk både på skulen og i større grad på fritida. Denne digitale skrivinga opnar for meir uformell skriving, der mange nyttar talemålsnær skriving for å visa identitet.
Materialet mitt er i stor grad samla inn i samband med prosjektet MultiLit, der eg har teke utgangspunkt i skrivesituasjonar hjå fem informantar. Eg har talt opp og kategorisert alle avvika eg har funne i tekstane. Vidare har eg gått inn på avvika som er knytt til talemålet, i tillegg til å sjå på bakgrunnsinformasjon om kvar informant.
Funna mine viser at det er ulikt i kva grad informantane held seg innanfor nynorsknorma i dei ulike skrivesituasjonane. I fritidsskrivinga verkar talemålet å spela ei sentral rolle i korleis dei unge kommuniserer med kvarandre. Her kan det sjå ut til at identitet spelar ei større rolle for informantane, enn fokuset på nynorsknorma. Talemålsavvika i fritidstekstane er relativt like hjå informantane. Dette kan også seia noko om at ungdomar er opptekne av å næra seg ein felles identitet i den uformelle skrivinga. I den formelle skrivesituasjonen er det større variasjon og spenn i type avvik. Det er også verdt å merka seg at det i nokre av desse tekstane er ein del innslag av bokmålsavvik.
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen