Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHeimro, Amalie Kristine
dc.date.accessioned2023-11-03T13:03:41Z
dc.date.available2023-11-03T13:03:41Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3100549
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøkjer korleis to ulike skrivebestillingar kan påverka skrivinga til elevane. Utforming av skrivebestillingar spelar ei avgjerande rolle i skriveprosessen for det resultatet elevane leverer. Skriving som grunnleggjande ferdigheit skal utvikla elevane sin skrivekompetanse og fremja kritisk tenking og refleksjon. Trass viktigheita får utforming av skriveoppgåver for lite fokus i skulen. Det er gjort avgrensa forsking på området, og formålet mitt med denne oppgåva er å retta merksemda mot viktigheita av korleis ein utformar skriveoppgåver. Ut i frå dette kom eg fram til følgjande problemstilling: Kva har utforming av skriveoppgåver å seie for elevar si skriving på 5.trinn? Ein studie med utgangspunkt i to ulike skrivebestillingar. Studien er basert på ein kvalitativ metode. For å kunne svara på problemstillinga har eg gjennomført to undervisningsopplegg, samla inn elevtekstar og intervjua fem elevar. Datamaterialet vart samla inn gjennom ei triangulering av dei kvalitative metodane tekstanalyse og intervju. Primærmaterialet mitt i denne studien er tekstanalysen, medan sekundærmaterialet mitt er intervjuet med elevane. Det er elevane sjølv som best kan visa korleis skriveoppgåvene påverkar tekstane deira. Resultata i denne studien viser at skrivebestillinga og innramminga påverkar korleis elevteksten blir. Dette er òg mi erfaring, og det er i tråd med tidlegare forsking. Det eg såleis kom fram til er nødvendigheita av ei tydeleg skrivebestilling. For at den skal vera god og funksjonell er det heilt sentralt å inkludera ein tydeleg mottakar, ha eit tydeleg formål og gje elevane verktøy i skriveprosessen. Ein ser at “ein får det ein spør etter”. Det er tydeleg at elevane responderer på oppgåvene ut i frå det som er bestilt i oppgåveteksten. Ut i frå det eg har erfart gjennom denne analysen, vil eg påstå at elevane har trong for ei tydeleg skrivebestilling for å utvikla og betra tekstkompetansen sinen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectspesialpedagogikken_US
dc.titleUtforming av skriveoppgåver: Ein studie med utgangspunkt i to ulike skrivebestillingaren_US
dc.title.alternativeDesigning writing assignments: A study based on two different writing promptsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal