Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDale, Aleksander
dc.contributor.authorMyrhol, Sunniva Farnes
dc.date.accessioned2023-10-23T12:57:44Z
dc.date.available2023-10-23T12:57:44Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3098149
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, kroppsøving. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractBakgrunn og problemstilling: Kroppsøving er eit fag som skil seg frå mange av dei andre faga i skulen ettersom undervisinga ofte legg opp til at elevane skal vere i rørsle. Til tross for dette er kroppsøvingsfaget eit læringsfag på lik linje med andre fag i skulen. Dette betyr at viktige omgrep i skulen slik som formativ vurdering og elevmedverknad også skal ha ein plass i kroppsøvingsfaget. Tidlegare studiar viser at desse omgrepa ikkje er like godt etablert i kroppsøvingsfaget som i andre fag. Det vil derfor vere interessant å undersøke korleis kroppsøvingslærarar i skulen reflekterer rundt sin praktisering av dette. For å sjå korleis karaktersettinga eventuelt påverkar implementeringa er det lærarar i ungdomstrinnet som har blitt undersøkte. Med dette som utgangspunkt er følgjande problemstilling utforma: Korleis reflekterer kroppsøvingslærarar i ungdomsskulen rundt eigen praktisering av formativ vurdering og elevmedverknad i vurderingsarbeidet? Metode og data: For å svare på problemstillinga er det nytta ei fenomenografisk tilnærming. Denne tilnærminga har som mål å innhente informasjon om korleis individa skildrar ulike fenomen som deretter blir sett i relasjon til kvarandre og kategorisert i kategoriar. Masteroppgåva er forma som ein kvalitativ studie der det er gjennomført 5 semi-strukturerte intervju med lærarar frå ulike skular. Desse vart lagra gjennom lydopptak og deretter transkribert. I analysen vart det kvalitative dataanalyseprogrammet NVivo nytta for å handtere datamaterialet. Funn og konklusjon: Hovudfunna i denne masteroppgåva viser at informantane opplever kroppsøvingsfaget som eit av dei vanskelegaste faga å vurdere i og peikar på utydlege retningslinjer og vage kompetansemål som ei årsak til dette. Eit godt vurderingsfellesskap blir dermed framheva som essensielt. Det kjem vidare fram at fleire av informantane fryktar at elevane skal klage på standpunktkarakterane. Ein raud tråd i praksisen til informantane er at dei kjenner på eit behov for å kunne dokumentere delar av den formative vurderinga, dette til tross for at dei utrykker at det er dei munnlege tilbakemeldingane og dialogen som er mest læringsrik for elevane. Masteroppgåva indikerer vidare at informantane legg lite vekt på å involvere elevane i vurderingsarbeidet. Det verkar det som at fleire av informantane har utfordringar med å implementere det på ein god måte i undervisningaen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectkroppsøvingen_US
dc.subjectfenomenografien_US
dc.subjectelevmedverknaden_US
dc.titleKroppsøvingslærarars refleksjonar rundt eigen praktisering av formativ vurdering og elevmedverknad i vurderingsarbeidet - ein kvalitativ studieen_US
dc.title.alternativeReflections of physical education teachers on their own implementation of formative assessment and student participation in assessment practices - a qualitative studyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUKØ550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal