Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVatne, Beartice Nordhaug
dc.date.accessioned2023-10-11T13:07:41Z
dc.date.available2023-10-11T13:07:41Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3095836
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker korleis fridom vert framstilt i to bøker i norsk litteratur. Fridom er ein viktig del av det å vere eit individ, då meir spesifikt kva type menneske ein ynskjer å vere. Fordi fridom er ein så vesentleg del av kvardagen for mange, ofte umedvite, vert det desto meir relevant å utforske tekstar der mangel på fridom båe implisitt og eksplisitt vert framstilt. Ein kan med det sjå kulturelle forskjellar der denne menneskeretten vert behandla annleis, og i nokre tilfelle brote. Prosjektet tar utgangspunkt i to bøker, der den eine har vore ein del av den norske kanon i over 100 år, medan den andre kom ut no nyleg: Amtmannens Døtre (1879/2013) av Camilla Collett og Frihetens Øyeblikk (2022) av Håkon F. Høydal. I desse bøkene møter vi to kvinner: Sofie og Abida, som gjennom oppsedingane sine og seinare ekteskapa sine står overfor livsval og alternativ styrt av samfunnet og menneska rundt seg. Fridom opptrer i begge desse tekstane på ulike måtar sidan dei er av to ulike sjangrar, men ein kan likevel sjå likskapar mellom dei. Fridomsuttrykket er analysert ved bruk av teori om feminisme, kritikk og kultur med komparativ metode som verktøy. Funn i nærlesingane viser at fridom er eit stort omgrep som er vanskeleg å definere. Dette gjer at omgrepet opptrer annleis utifrå situasjonen det er i. I desse tilfella, om ein ser vekk frå sjanger og form, har dei kulturelle skilnadene ei stor rolle. I mange tilfelle er det lett å seie noko om at ei handling er anten «god» eller «vond». Det som analysane av desse bøkene viser til derimot er at tilfellet med «anten-eller» ikkje alltid er kompakt. Foreldrekarakterane i bøkene viser eit strengt syn på korleis å tre seg i samfunnet, noko som båe har verknad òg er fengslande for barna deira, men avgjersla desse gjer er ikkje berre dyppa i «vondt». Likevel opplever hovudpersonane at dette bryt med deira eigne ynskjer og håpa dei har for framtidaen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorskundervisningen_US
dc.subjectfriheten_US
dc.titleEin mangel på kjærleik er som eit liv i fangenskap: ei komparativ analyse av fridomsframstillinga i to bøkeren_US
dc.title.alternativeA lack of love is a life in captivity: a comparative analysis of the expression of freedom in two booksen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal