Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKallevåg, Karina
dc.date.accessioned2023-10-09T12:14:08Z
dc.date.available2023-10-09T12:14:08Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3095279
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. -10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractLæreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 gir rom for å driva meir praktisk retta norskundervisning. Entreprenørskap og elevbedrift som metode er ikkje nytt i undervisningssamanheng. Likevel finnes det lite, eller inga forsking, om elevane utviklar norskfaglege dugleikar i arbeid med elevbedrift. Samfunnsendringane stiller nye krav til elevane våre, og utvikling av literacy vert fremja som ein sentral kompetanse for å kunna forstå, skapa, kommunisera og ta del i vårt tekstbaserte, digitale samfunn. I denne masteroppgåva ønsker eg å sjå om det kan vera føremålstenleg å knyta entreprenørskap til norskfaget. Problemstillinga for masteroppgåva er: «Kva moglegheit har elevane til å utvikla literacy gjennom entreprenørskap og elevbedrift?», med fire forskingsspørsmål som spør korleis elevane utviklar dei norskfaglege kompetansane skriving, lesing, munnleg dugleik og digital dugleik gjennom arbeid med entreprenørskap og elevbedrift. Masteroppgåva er ein kvalitativ studie basert på ei metodetriangulering. Metodane eg nyttar er intervju av elevbedriftslærarar, og skriftlege refleksjonsnotat frå elevar med erfaring frå elevbedrift. I tillegg gjennomfører eg ein dokumentanalyse av elevtekstar frå ei elevbedrift. Eg nyttar lærarar og elevar som datakjelder for å få djuptgåande innsikt om erfaringar og tankar kring korleis dei har arbeida med skrivedugleik, lesedugleik, munnleg dugleik og digital dugleik i elevbedrift. I dokumentanalysen vurderer eg korleis skrivedugleik og digital dugleik kjem fram i elevtekstar frå ei elevbedrift. For å svara på problemstillinga og forskingsspørsmåla drøftar eg funna opp mot teori og forsking på entreprenørskap i utdanninga, utvikling av literacy og opplæring i dei norskfaglege grunnleggjande dugleikane. Forskingsmaterialet viser i stor grad at elevane får moglegheit til å utvikla literacy i arbeid med elevbedrift, til tross for at arbeidet ikkje vart gjennomført i samband med norskfaget. Det er stort potensiale for norskfagleg utvikling, og særleg når det gjeld utvikling av dugleikane skrivedugleik, munnleg dugleik og digital dugleik. Både lærarane og elevane er positive til arbeidsmetoden fordi elevane, i ein autentisk kontekst, får kjenna på kvifor det er viktig å meistra og utvikla dei norskfaglege kompetansane. I elevbedrift erfarer elevane korleis arbeidet dei legg ned har ein nytteverdi for dei sjølve. Materialet mitt viser at det er grunn for å arbeida med elevbedrift i norskfaget, og at ein ved tverrfagleg elevbedriftsarbeid bør samarbeida med norsklærarenen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectnorskundervisningen_US
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectentreprenørskapen_US
dc.subjectelevbedriften_US
dc.titleSkriv vi denne her fint så kan vi kanskje få eit ja: Ein kvalitativ studie av elevane si moglegheit til å utvikla literacy gjennom entreprenørskap og elevbedriften_US
dc.title.alternativeIf we write this well, we might get a yes: A qualitative study of the students' opportunity to develop literacy through entrepreneurship and student businessesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal