Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHellestveit, Martha Bruland
dc.date.accessioned2023-09-29T10:37:06Z
dc.date.available2023-09-29T10:37:06Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3093045
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractI denne studien har føremålet vore å gje og få innsikt i korleis elevgrupper på 8.trinn kan argumentera og delta når dei er fysisk aktiv i algebraundervising. For å svara på problemstillinga har det blitt utført ein kvalitativ studie. Det har blitt teke lydopptak under to undervisningsøkter, der eg har sett nærare på tre elevgrupper på 8.trinn, som arbeidde med algebra fysisk aktivt. Fokuset har vore på korleis dei byggjer opp argumenta sine, samt korleis elevane innetter i gruppene deltek i arbeidsprosessen. Teke i betraktning at fysisk aktivitet har fått eit auka fokus i skulen, at argumentasjon er eit av kjerneelementa i matematikk, samt at læreplanen vektlegg at born blir danna i møte med andre og gjennom fysisk utfolding, ser eg studien som eit gjevande bidrag for lærarar og forskingsfeltet. I studien har det blitt lagt til grunn at matematisk argumentasjon ikkje treng å vera basert på formell logikk, samt at argumentasjon som blir ført av fleire deltakarar går under kollektiv argumentasjon. Vidare har fysisk aktivitet blitt forstått som ein undervisningsmetode, som skjer parallelt med undervising. For å få innsikt i problemstillinga, har eg undersøkt argumentasjonen og deltakinga som fann stad under dei to tilnærmingane: fysisk aktivitet integrert i algebra, og fysisk aktivitet kombinert med algebra. Datamaterialet har blitt presentert ved dialogutdrag, og analysert ut frå Toulmin (2003) sin argumentasjonsmodell og Krummheuer (2007) sitt skjema for deltaking. Toulmin blei nytta som eit analyseverktøy for å strukturera elevgruppene si argumentasjonsbygging, medan Krummheuer for å kategorisera elevane ved utsegna deira i roller for deltaking. Ut frå analysen fann eg ut at elevgruppene sin argumentasjon og deltaking endra seg frå økta der fysisk aktivitet var kombinert med algebraundervising (økt 1), til økta der fysisk aktivitet var integrert (økt 2). Elevgruppene sin argumentasjon var meir eksplisitt i økt 1, og språket dei nytta når dei argumenterte var meir matematisk, samanlikna med økt 2. Deltakinga i økt 1 var prega av at ein eller to elevar innetter i gruppene tok styringa, medan dei andre elevane støtta seg på deira innspel. I økt 2 derimot vart det meir jamt rundt kven som kom med eigne idear, og dei fann oftare ut løysinga saman. Likevel viste analysen at alle elevane i begge øktene viste teikn til engasjement, ved at alle aktivt tok del i arbeidsprosessen. Sjølv om ikkje alle elevane alltid kom med eigne løysingsforslag, var dei delaktige på andre måtar. Vidare viser studien som heilheit korleis fysisk aktivitet kan nyttast som undervisningsmetode i algebraundervisingen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectmatematikkundervisningen_US
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectalgebraundervisningen_US
dc.titleArgumentasjon og deltaking: Når elevgrupper på 8.trinn er fysisk aktiv i algebraundervisingen_US
dc.title.alternativeArgumentation and participation: When 8th graders are physically active in groups during algebra lessonsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal