Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGravdal, Maria
dc.date.accessioned2023-09-29T08:58:26Z
dc.date.available2023-09-29T08:58:26Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3093004
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5.- 10. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractSkjerm og dataspel tek ein stadig større plass i barn og unge sin kvardag. Samfunnet blir digitalisert, noko ein også ser att i skulen ved at fleire elevar har digitale verktøy som del av sitt læringsmateriell. Samstundes ser ein at elevane sin motivasjon og opplevd nytteverdi av dagens matematikkundervisning går ned. Eit føreslege tiltak er å auke bruken av moderne og innovative verktøy i undervisninga. For å inkludere slike verkemiddel på ein hensiktsmessig måte, er det nødvendig at lærarar har tilstrekkeleg kunnskap om digitale verktøy og ressursar. I tillegg til fagfornyinga si satsing på bruk av digitale verktøy i undervisinga, vektlegg dei også viktigheita av at elevar kommuniserer om matematikken. I lys av dette er føremålet med studien å kartleggje korleis bruk av læringsspelet Numetry kan leggje til rette for matematikkfaglege samtalar i undervisninga. Med grunnlag i dette er følgjande problemstilling undersøkt: Korleis kan bruk av Numetry leggje til rette for matematikkfaglege samtalar på 7. trinn? Problemstillinga blir undersøkt ved å ta i bruk det teoretiske rammeverket frå Sfard (2008) om kommognisjon, som nyttar dei fire diskursive kjenneteikna: Ordbruk, narrativ, visuelle mediatorar og rutinar. Rammeverket vektlegg at kommunikasjon også handlar om det kognitive, og at dette er to prosessar som ikkje kan skiljast. Studien har ei kvalitativ forskingstilnærming, der datainnhentinga er gjort ved hjelp av observasjon og intervju. Seks grupper, kvar med to elevar, er observert medan dei spelar Numetry, samstundes som dei jobbar med eit oppgåveark knytt til spelet. I tillegg har eg gjennomført intervju med elevane i etterkant av øktene, slik at dei har fått moglegheit til å uttrykkje eigne tankar og opplevingar. Funna viser at Numetry har lagt til rette for ulik ordbruk mellom elevane, som kan bidra til å skape eit rikt og dynamisk matematisk språk. Funnet viser også at spelet har lagt til rette for ei gråsone mellom rituelle og utforskande rutinar, som potensielt kan vere gunstig for elevane sin matematikkfaglege samtale. Samstundes viser funna at spelet har nokre repeterande og lukka oppgåver som kan vere eit hinder for elevane sin matematikkfaglege samtale. Litteraturgjennomgangen viser at det er relativt få studiar som har teke føre seg bruken av digitale spel i matematikkundervisinga. Denne studien er eit bidrag til dette. I tillegg har studien diskutert ubrukte mogelegheiter som ligg i spelet, som igjen kan nyttast til å auke Numetry sitt potensial for tilrettelegging av matematikkfaglege samtalar. Ved å belyse slike moglegheiter har det også vore ønskjeleg at desse kan bidra til bruk av læringsspelet i skulenen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectmatematikkundervisningen_US
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectNumetryen_US
dc.titleElevar sine matematikkfaglege samtalar i arbeid med eit digitalt læringsspelen_US
dc.title.alternativeStudents’ mathematical conversations while working with a digital educational gameen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal