Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjelsvik, Andrea Flatjord
dc.date.accessioned2023-09-26T05:47:27Z
dc.date.available2023-09-26T05:47:27Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3091886
dc.descriptionMaster i grunnskulelærarutdanning 5-10, fordjuping i norsk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 2023en_US
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva har vore å undersøke kva språkval studentar frå Sogn og Fjordane tar når dei bur i ein storby der bokmål er det dominerande språket. I tillegg ser oppgåva på kva grunnane for desse språkvala kan vere. Studien baserer seg på seks intervju der to er gjennomført på studentar i Oslo, to i Trondheim og to i Bergen. Resultata viser at fem av seks studentar held på nynorsken, medan ein skifta frå nynorsk til bokmål på vidaregåande. Dette kan vise at trass i at språkskifte frå nynorsk til bokmål er svært vanleg er det endå nokre som held på nynorsken. Det kan derimot ikkje generalisert at fleire held på nynorsken, då denne studien berre består av seks deltakarar. Denne studien ser ikkje berre på val av hovudmål, men også på andre generelle språkval og grunnar til desse språkvala. Dei språkvala som kom fram var språkskifte/ikkje språkskifte og språkveksling. Studien fann at språkvala studentane rapporterte om, i hovudsak handlar om språkskifte frå nynorsk til bokmål, og språkveksling mellom nynorsk, bokmål, dialekt og engelsk. Studien viser vidare at årsakene til desse språkvala kan vere mange, men at det som ligg til grunn for dei i all hovudsak kan kategoriserast under overskriftene eksponering, tilpassing og språkleg identitet, og at dette, saman med sosialisering og haldningar, påverkar vala dei tek når det gjeld språk. Studien viser altså fleire språkval som studentar frå Sogn og Fjordane som bur i ein bokmålsdominert storby tar, og grunnar for desse språkvala. Studien kan forhåpentlegvis bidra til å auke den allmenne kunnskapen om korleis det er å vere språkbrukar frå eit nynorsk kjerneområde i eit bokmålsdominert område, eller generelt i eit bokmålsdominert land. Innsikta ein her får, om alle språkvala ein står ovanfor kvar dag, og korleis og kvifor nynorskbrukarar tar desse vala, kan kanskje vere ein augneopnar for personar som språkleg sett høyrer til majoriteten, og som kanskje tar språket sitt for gitt. I tillegg kan den vere med å gjere nynorskbrukarar meir medvitne som språkbrukarar, spesielt dei som merkar at nynorsken er vanskeleg å halde på.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectSpråkvalen_US
dc.subjectStudenten_US
dc.subjectSpråkskifteen_US
dc.titleEin språkstudie blant studentar frå Sogn og Fjordane som bur i ein storbyen_US
dc.title.alternativeA language study among students from Sogn og Fjordane who live in a big cityen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal