Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKjøsnes, Sandra Olin Grytten
dc.date.accessioned2023-09-21T12:32:24Z
dc.date.available2023-09-21T12:32:24Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3091090
dc.descriptionFysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljøen_US
dc.description.abstractBakgrunn og formål: Berekraftig utvikling vart for første gang lansert i 1987, og heilt sidan då har berekraftomgrepet vore utfordrande å konkretisere ned til handling. Berekraftig utvikling er på dagsordenen til barnhagar, skular og SFOar i dag. Dette er eit resultat av aukande merksemd om pedagogiske institusjonar si rolle i å fremje ei slik utvikling. Denne masterstudien fokusera på berekraftig mat, som er knyta til ulike miljøutfordringar. Temaet i denne studien er avgrensa til matsvinn, dyrking, avfallsortering, og respekt for naturen. Målet med studien er å finne ut kva SFO born formidlar kring berekraftig mat, og om tiltaket Matjungelen på SFO kan gi noko effekt på kunnskapsnivået til borna. På bakgrunn av dette, lyder forskingsspørsmålet: I kva grad kan born på SFO fortelje og reflektere kring berekraftig mat, og er det skilnad på born som har gjennomgått SFO-tiltaket Matjungelen eller ikkje? Metode og utval: Masterstudien, har ein kvalitativ tilnærming. Det vart nytta semistrukturert fokusgruppeintervju, med innslag av kvantitativ tilnærming i forbinding med ein praktisk test. Datainnsamlinga vart utført i slutten av 2019 og utvalet bestod av totalt 6 SFO-ar med 29 born, med og utan tiltaket Matjungelen, i Hordaland fylkeskommune. Resultat: Alle borna hadde lita evne til å definere omgrep, som til dømes berekraftig utvikling og kortreist mat. Til tross for dette, sat borna inne med kunnskap om dei fleste tema dei vart presentert for, med unntak av økologisk mat. Gode miljørelaterte haldningar var også eit fellestrekk, men samtidig, på tvers av bornegruppene, hadde dei ulike meiningar om kjøt. Resultatet tyder på at Matjungelborna hadde meir kunnskap kring kortreist mat, dyrking og redyrking, og var til dømes meir oppteken av rettferdig fordeling av jorda sine ressursar. Når det gjaldt resirkulering av emballasje hadde Matjungelborna eit høgare kunnskapsnivå enn kontrollborna, med høvesvis 91%, og 56% rett på ein praktisk test. Konklusjon: Resultata i denne studien tyder på at alle borna var opptekne av berekraftig mat, og kunne fortelje og reflektere kring fleire ulike dilemma. Samtidig hadde Matjungelborna meir kunnskap, fleire refleksjonar og større engasjement kring enkelte tema innan bærekraft. Dette kan tyde på at Matjungelen gjennom leik og aktivitet kan lære og engasjere born om mat som er berekraftig.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleNorske born i skulefritidsordninga sine tankar og refleksjonar kring berekraftig mat: Med og utan tiltaket Matjungelenen_US
dc.title.alternativeThoughts and reflections on sustainable food by Norwegian children in after school care facilities: With and without the Matjungel programen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMFAKS514en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal