Feltarbeid som læringsarena for utforskande naturfagundervisning: Ein kvalitativ intervjustudie av lærarar sine erfaringar og refleksjonar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090777Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I eit samfunn der evner til kritisk tenking, problemløysing, samarbeid og kompetansar til å ta gode og berekraftige avgjerdslar stadig blir viktigare, kan det vere avgjerande at skulen legg til rette for elevane si utvikling av slike ferdigheiter og kompetansar. Som naturfaglærar kan ein bidra til at elevane forstår verda kring seg i eit naturvitskapleg perspektiv, samt at elevane får erfaring med naturfaglege fenomen og autentiske problemstillingar. Utforskande feltarbeid (UF) er ei verdifull pedagogisk tilnærming som kan gje elevane moglegheit til å utforske og observere naturen rundt seg på ein aktiv og praktisk måte. Det kan også bidra til å auke elevane si forståing og interesse for naturfag. Hensikta med denne masteroppgåva er å undersøke tre individuelle lærarar sine erfaringar med UF i naturfagundervisning. For å belyse denne problemstillinga har eg sett på kva lærarane opplevde som utfordringar og moglegheiter, og kva dei vektla som tilretteleggingar for utforsking.
Oppgåva er ein kvalitativ intervjustudie knytt til TRELIS-prosjektet. Det innsamla datamaterialet er basert på refleksjonane til tre lærarar som tok vidareutdanning i naturfag. I forbinding med kurset «Naturfag 1» gjennomførte dei UF. Eg observerte to av lærarane sine gjennomføringar for å få kontekstdata, og deretter intervjua eg alle tre lærarane gjennom semi-strukturerte intervju. Intervjudata vart analysert med utgangspunkt i tematisk analyse (Braun & Clarke, 2006), og analysen enda opp med tema som svarer på forskingsspørsmåla.
Resultata tyder på at lærarrolla, didaktiske designprinsipp, rammer og støttestrukturar vart vektlagt for å støtte elevane si utforsking. Det vart også identifisert utfordringar, blant anna knytt til organisering, ressursbruk og læraren sin kunnskap og erfaring. Lærarane rapporterte om fleire moglegheiter ved UF, som auka motivasjon og engasjement hjå elevane. Det vart også sett som ein moglegheit til å styrke elevane sine sosiale relasjonar og samarbeidsevner, samt å lære på ein meir meiningsfull, konkret og praktisk måte. Desse funna tyder på at UF er ei verdifull pedagogisk tilnærming, men at det kan vere ulike utfordringar som må bli handtert når det skal implementerast i naturfagundervisninga. Det kan vere fleire årsaker bak lærarane sine erfaringar med UF. Kva dei vektla som tilrettelegging for utforsking, og kva dei opplevde som utfordringar og moglegheiter, kan dessutan ha vore gjensidig påverka av kvarandre. Denne masteroppgåva understrekar behovet for ei opplæring som legg til rette for utforskingsdrive undervisning, der elevane får meiningsfulle opplevingar i naturen og får kunnskap om den
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, naturfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen